Høyringar

Her finn du oversikt på planar som ligg ute til høyring.

 Kommunen ba om namnesak i samband med vegadresser.  Kartverket vedtok i sak 2020/132 at namnet skal skrivast Oppsal for gardsnummer 80 i Vanylven. Vedtaket vart påklaga av alle grunneigarane. Saka må derfor på ny høyring. Det gjeld namna:

Oppsal – Opsal, gard, gnr 80

Oppsal – Opsal, bruk, bnr 80/1, 80/2, 80/3.

Op(p)salvika, vik i sjø

Op(p)salberget, li

Op(p)salstøylane, gammal busettingsplass

 

Saka vert behandla etter stadnamnlova. Eigar har rett til å uttale seg om gardsnamn og bruksnamn. Lokale organisasjonar har rett til å uttale seg. Lokal uttale og gjeldande rettskrivingsprinsipp er viktig.

 

Merknad kan sendast til Vanylven kommune, Rådhusvegen 1, 6143 Fiskå, eller e-post til postmottak@vanylven.kommune.no innan 18.februar 2021. Merk med saksnummer 20/722.

 

   Oversending av søknad frå Sunnmøre Torsk AS om løyve til akvakultur av matfisk av torsk (Gadus Morhua) på ny lokalitet Syvdsnesstranda i Vanylven kommune. 
Vedlagt ligg søknad frå Sunnmøre Torsk AS om løyve til akvakultur av matfisk av torsk (Gadus Morhua) på ny lokalitet Syvdsnesstranda (62° 10,491¹ N 5° 41,999¹ Ø (Euref89/WGS84)) i Vanylven kommune. Det blir søkt om ein MTB på 1560 tonn.

  

 

Vanylven formannskap vil i møte 1. desember behandle økonomiplan for 2021-2024 med budsjett for 2021.
Planen vert lagt ut til offentleg ettersyn i Servicetorget på Vanylven rådhus og på kommunen si nettside etter formannskapet si behandling.

 Formannskapet i Vanylven vedtok i sitt møte 20.10.2020, F-sak 98/20, å leggje Kommunedelplan for kulturarven i Vanylven kommune 2020-2028 ut til offentlig ettersyn, jf. plan- og bygningslova § 11-14.