Høyringar - Lokale forskrifter i høve ny opplæringslov
1. august 2024 tek ny opplæringslov til å virke. I høve dette skal kommunane vedta fem nye, lokale forskrifter.
Vi har no opna høyringsprosessen, og inviterer Elevråda, FAU, SU, tilsetteorganisasjonar og andre med interesse til å del i høyringa. Det er desse forskriftene som er ute til høyring:
- Forskrift om skulereglar for grunnskulane (PDF, 167 kB) (saksnummer 24/1276)
- Forskift om skulerutene for grunnskulane (PDF, 59 kB) (saksnummer 24/1278)
- Forskrift om skulefritidsordning (SFO) for grunnskulane (PDF, 140 kB) (saksnummer 24/1277)
- Forskrift om hovudmål på kvar grunnskule (PDF, 56 kB) (saksnummer 24/1280)
- Forskrift om elevpermisjonar for grunnskulane (PDF, 80 kB) (saksnummer 24/1279)
Alle høyringane har høyringsfrist 30. juli 2024. Etter at høyringane er avslutta, vert det politisk handsaming i livsløpsutvalet 20.august 2024, formannskapsmøte 27.august 2024 og kommunestyremøte 02.september 2024.
Ein kan sende høyringssvar til postmottak@vanylven.kommune.no Merk då med rett namn eller saksnummer til kvar uttale.
Publisert av Irma Kristin Moen
Publisert 29.05.2024 13:13