Korleis spare straum? - Gratis klima- og energirådgiving til bustadeigarar

Korleis spare straum? - Gratis klima- og energirådgiving til bustadeigarar

 

Vanylven kommune tilbyr no gratis klima- og energirådgiving til innbyggarane sine.

Kva kan eg få hjelp til ? 

Rådgivinga skal bidra til at bustadeigarar bruker energi meir effektivt og klimavenleg. Og i større grad bruke lokale fornybar energikjelder som til dømes solenergi. I tillegg skal bustadeigarar få gode råd om ladeløysingar for elbil og støtteordningar.

– Tilbodet er ein del av arbeidet til kommunen med klima og energi. Vi skal bidra til kunnskapsbygging og legge til rette for at innbyggarar skal kunne ta klimavenlege val, seier teknisk sjef Helge Kleppe

Gratis og uforpliktande klima- og energirådgiving

Vanylven kommune gjennomfører frå 19. september 2022 ein klima- og energirådgivingskampanje retta mot hushaldningar. Hensikta er å motivere bustadeigarar til å redusere energibruken i eigen bustad og ta klimavenlege val. Dette kan du gjere ved å bruke energiportalen.no (på nett) og tilbod om digital synfaring med ein objektiv energirådgivar. Du kan mellom anna få råd om:

  • Elbillading
  • Etterisolere veggar og tak
  • Bytte vindauge og dører
  • Installere varmepumpe eller solceller
  • Smart-styring
  • Alternative energikjelder
  • Støtteordningar frå Enova

 

Energianalyse på nett

Verktøyet Energiportalen gjer det mogeleg med objektiv nettbasert energianalyse av bustaden din. Gå til energiportalen.no og søk opp bustaden din. Du får rettleiing til korleis denne skal brukast.

 

Synfaring med energirådgivar

Du kan avtale ei synfaring med ein energirådgivar, som kan hjelpe deg med smarte klima- og energiløysingar tilpassa bustaden og økonomien din. Dette er eit avgrensa tilbod.

Gå til kalenderen for å finne ledige tider.

Kampanjen er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune og leveres i samarbeid med kommunane i fylket. Tenestene og rådgivinga er levert av Simenergi AS og EEFFY AS.

Artikkelliste

Viser 1-10 av 20 artikler, side 1 av 2