Korleis spare straum? - Gratis klima- og energirådgiving til bustadeigarar Vanylven kommune tilbyr no gratis klima- og energirådgiving til innbyggarane sine. Kva kan eg få hjelp til ? Energianalyse av bustaden din på nett. Søk opp bustaden din på energiportalen.no. Digital synfaring med energirådgivar. Registrer deg for rådgivingstime. Rådgivinga skal bidra til at bustadeigarar bruker energi meir effektivt og klimavenleg. Og i større grad bruke lokale fornybar energikjelder som til dømes solenergi. I tillegg skal bustadeigarar få gode råd om ladeløysingar for elbil og støtteordningar. – Tilbodet er ein del av arbeidet til kommunen med klima og energi. Vi skal bidra til kunnskapsbygging og legge til rette for at innbyggarar skal kunne ta klimavenlege val, seier teknisk sjef Helge Kleppe Gratis og uforpliktande klima- og energirådgiving Vanylven kommune gjennomfører frå 19. september 2022 ein klima- og energirådgivingskampanje retta mot hushaldningar. Hensikta er å motivere bustadeigarar til å redusere energibruken i eigen bustad og ta klimavenlege val. Dette kan du gjere ved å bruke energiportalen.no (på nett) og tilbod om digital synfaring med ein objektiv energirådgivar. Du kan mellom anna få råd om: Elbillading Etterisolere veggar og tak Bytte vindauge og dører Installere varmepumpe eller solceller Smart-styring Alternative energikjelder Støtteordningar frå Enova Energianalyse på nett Verktøyet Energiportalen gjer det mogeleg med objektiv nettbasert energianalyse av bustaden din. Gå til energiportalen.no og søk opp bustaden din. Du får rettleiing til korleis denne skal brukast. Synfaring med energirådgivar Du kan avtale ei synfaring med ein energirådgivar, som kan hjelpe deg med smarte klima- og energiløysingar tilpassa bustaden og økonomien din. Dette er eit avgrensa tilbod. Gå til kalenderen for å finne ledige tider. Kampanjen er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune og leveres i samarbeid med kommunane i fylket. Tenestene og rådgivinga er levert av Simenergi AS og EEFFY AS. Sist endra 26.09.2022 23:45
Varsel om oppstart av privat planarbeid - Rovde brygge Kommunen har motteke varsel om oppstart av planarbeid - reguleringsplan for Rovde brygge del av 115 bnr 4 m.fl. Sjå lenkjer til planinitiativ, planavg...
Utkast til ny arealdel til kommuneplanen Kommunen har med bistand av ABO utarbeida eit kartgrunnlag til arealdelen.Kartet viser den gamle arealplanen, med skraverte felt på administrative for...
Politiske saker til kommunestyremøte 4.mai - kortversjonar Nedanfor kan du i korte trekk lese kva dei politiske sakene til kommunestyret 4.mai vil omhandle.
Høyring - forskrift om fellingsavgift Høyringssvar kan sendast til postmottak@vanylven.kommune.no innan 12.mai 2026.
Saker til formannskapsmøte 24.03.2026 Nedanfor kan du i korte trekk lese kva dei politiske sakene til det komande formannskapsmøtet 24. mars vil omhandle.
Sjå innkomne merknadar til kommuneplanens arealdel Merknadskartet for innkomne innspel til kommuneplanens arealdel er tilgjengeleg.
Lokaldemokratiundersøkelse 2025 Vanylven kommune har meldt seg på KS lokaldemokratiundersøkelse 2025 som vil bli gjennomført frå og med mandag 27.oktober. Undersøkelsen er todelt med ...
Ny arealplan for Vanylven – vi treng dine innspel Vanylven kommune jobbar med revisjon av kommuneplanens arealdel. For å sikre ein god og open prosess har kommunedirektør og ordførar å reist rundt til ...
Endring i bøsseinnsamlinga til TV-aksjonen I år vil det ikkje bli gått rundt med bøsser i samband med TV-aksjonen, slik det tidlegare har vore tradisjon for. I staden vil det bli lagt ut bøsser ...