Ein historisk milepåle: Stad skipstunnel blir no bygd

Ein historisk milepåle: Stad skipstunnel blir no bygd

I dag vart det stor feiring på Seljesanden då kommunane samla seg for å markere ei historisk hending – at Stad skipstunnel no vert ein realitet. Mange møtte fram for å ta del i markeringa, som var prega av glede, optimisme og tru på framtida.

Stad skipstunnel blir verdas første fullskala skipstunnel, og prosjektet er rekna som eitt av dei mest framtidsretta samferdselsprosjekta langs norskekysten. Tunnelen skal gå gjennom Stadlandet og gi skip ei tryggare og meir føreseieleg ferdsel forbi det vêrharde Stad-havet, eit område som gjennom generasjonar har vore kjend for krevjande sjøforhold.

For Vanylven og nabokommunane betyr dette meir enn berre eit stort byggjeprosjekt. Skipstunnelen vil styrkje infrastrukturen langs kysten, skape aktivitet og arbeidsplassar i anleggsperioden og leggje til rette for vidare utvikling innan næringsliv, sjøtransport og reiseliv. Prosjektet vil også bidra til auka tryggleik for både fiskeflåten, passasjertrafikken og annan sjøtransport.

Vedtaket som no er gjort, er resultatet av eit langsiktig arbeid frå lokale eldsjeler, kommunar, næringsliv, organisasjonar og politiske miljø som gjennom mange år har arbeidd for å få prosjektet realisert. Deira innsats har vore avgjerande for at denne dagen endeleg har kome.

No startar arbeidet med å byggje eit landemerke som vil få merksemd langt utover Noregs grenser.

Gratulerer til alle som har bidrege på vegen fram mot denne historiske dagen!