Det er seks politiske saker til kommunestyremøtet 4.mai., og nedanfor kan du lese kva desse omhandlar i korte trekk.
PS 42/26 Prinsippvedtak – planvask av kommuneplanens arealdel
Kommunestyret skal i forkant av det ordinære kommunestyremøte halde arbeidsmøte for å gå gjennom planvasken av kommuneplanens arealdel. Dette med sikte på å kunne gjere eit «prinsippvedtak» som stadfestar at arbeidet som er gjort hittil vert godkjent, og legg grunnlaget for det vidare arbeidet med planen.
PS 43/26 Nytt val – Suppleringsval og val av ny nestleiar til kontrollutvalet
Knut Aksel Thunem har fått fritak frå sine politiske verv ut perioden, og kommunestyret må difor gjennomføre suppleringsval og val av ny nestleiar til kontrollutvalet , jf. kommunelova §§7-10 tredje ledd og 23-1 andre ledd.
PS 44/26 Plan for vegvedlikehald 2026-2032
Plan for vegvedlikehald 2026-2032 vert framlagd for politisk handsaming i kommunestyre etter å ha vore til handsaming i formannskapet. Formannskapet gjorde følgjande vedtak:
«Plan for vegvedlikehald for 2026-2032 vert godkjent.
Ein bed om at det vert lagt fram liste over alle kommunale vegar med lengde på veg og antal bebudde hus på vegstrekninga.
Bed om at plan for avhending av vegar vert lagt fram for revisjon i februar kvart år»
PS 45/26 Søknad om endring i driftsopplegg – betjent/fjernbetjent (delvis ubemanna) butikkdrift – Joker Åheim
Kommunen har motteke søknad få Joker Åheim om endra driftsopplegg med betjent/fjernbetjent butikkdrift og vidareføring og vilkårsfastsetjing for sal av alkohol gruppe 1 og tobakk.
Formannskapet har handsama saka og gjorde følgjande vedtak:
- «1. Det vert godkjent at butikken kan drivast som betjent–fjernbetjent (delvis ubemanna) i dei tidsroma som er oppgitt under:
Betjent drift (fysisk personale i butikk):
• Mandag–fredag: [08:00]–18:00
• Lørdag: [08:00]–18:00
• Søndag/helligdag: [se egen søknad for turist kommune]
Fjernbetjent/ubemannet periode (ikkje fysisk bemanning i lokalet):
• Mandag–fredag: 18:00–[08:00]
• Lørdag: 18:00–[08:00]
• Søndag/helligdag: [ikke aktuelt / eventuelt etter særskilt grunnlag]
Butikken kan teknisk holdast åpen utover betjent tid, men alkohol selgast aldri utanfor kommunen sine salstider. Systemet har hard sperre på både skap og i salgslogikken.
2. Viderefører eksisterande salsbevilling for alkohol gruppe 1 og godkjenner at sal kanskje også i fjernbetjent periode, forutsatt at kontrolltiltaka som er skildra i søknaden og vedlegga leggjast til grunn som vilkår.
3. Godkjenner sal av tobakk innanfor same kontrollregime, med tilsvarende
alderskontroll og sperrer.
Saka skal no handsamast i kommunestyret for endeleg avgjerd».
PS 46/26 Søndagsopen butikk på Åheim
Joker Åheim har søkt om søndagsopen butikk på Åheim som «typisk turiststad». Kommunen må gjere ei politisk vurdering før Statsforvaltaren eventuelt kan sende forslaget på offentleg høyring og vurdere forskriftsfastsetjing. Saka blir derfor lagt fram for kommunestyret.
Formannskapet gjorde følgjande vedtak i saka:
- «Vanylven kommunestyre støttar søknad om at Åheim for status som «typisk turiststad» etter lov om heilagdagar og helgedagsfred § 5, og at perioden omfattar palmesøndag til og med 30. september. Kommunestyret ber administrasjonen sende over kommunestyrevedtaket saman med søknaden frå Joker Åheim til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for vidare høyring og eventuell forskriftsendring».
PS 47/26 Frank Robert Sande – Søknad om forlenging av fritak frå politisk verv
Frank Robert Sande søkjer om forlenging av fritak frå politiske verv fram til 31.desember 2026. Sande er kommunestyremedlem frå Industri- og næringspartiet (INP) og 2.vara til formannskapet og valstyret. Ved imøtekomen søknad, vil 1.vara på INP si liste, Therese Drabløslid Aksnes, møte i kommunestyret i denne perioden.