Høyring – forskrift om bruk av særskilde siktemiddel ved ordinær jaktDen nye viltressurslova, som tok til å gjelde 1. juli 2026, innfører eit generelt forbod mot bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel (særskilde siktemiddel) ved ordinær jakt.Bruken av slike siktemiddel har ikkje vore lovregulert tidlegare og har difor vore nytta på jakt. Blant hjortejegerane i våre område har bruken vorte utbreidd dei seinare åra, ettersom teknologien gradvis har vorte lettare tilgjengeleg og rimelegare.I samband med den nye lova er det gjort endringar i forskrift om utøving av jakt, felling og fangst (jaktutøvingsforskrifta), som opnar for at kommunane kan fastsetje lokal forskrift om bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort i ope terreng. Føremålet med heimelen er ei meir effektiv og målretta forvaltning av hjort der dette er naudsynt for å avverje alvorleg skade på naturen eller samfunnsinteresser.Formannskapet i Vanylven har vedteke å leggje forskrift om opning for bruk av restlysforsterkande og termisk siktemiddel ved jakt på hjort i Vanylven kommune ut på høyring i seks veker.Høyringsfristen er sett til 7. september 2026 kl 10:30.Innspel kan sendast til postmottak@vanylven.kommune. Hugs å merk med saksnr. 26/750.Opning for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort i Vanylven kommune.pdf (PDF, 104 kB)