Søknad om barnehageplass 2023-2024 - frist 01.03.23

Søknadsfrist innan 01.03.2023

I Vanylven kommune har vi 1 privat og 2 kommunale barnehagar.

Solsikka barnehage på Fiskå (privat)

Syvde barnehage (kommunal)

Åheim barnehage (kommunal)

 

Kommunen nyttar felles søknadsskjema og felles opptak av barnehageplass til alle barnehagane, både kommunal og privat barnehage.

For søknad om barnehageplass frå august 2023 må det søkjast innan 01.03.2023

 

  • Søknader om barnehageplass som kjem inn etter dette, blir behandla ved supplerande opptak, dersom det vert ledige plassar.

Elektronisk søknadsskjema

 

All informasjon om barnehagane i Vanylven kommune finn du under ”Barnehage og skule”