Borgarleg vigsel

Borgarleg vigsel

Går de med planar om giftarmål og ynskjer borgarleg vigsel?

Frå 01.01.2018 overtok kommunane ansvaret for gjennomføring av borgarlege vigslar, så no er det ikkje lenger mogleg å gifte seg hos Tingretten.

1. Kven kan vigslast i Vanylven kommune?

Kommunen tilbyr kostnadsfri vigsel for innbyggarar i Vanylven og personar som ikkje er busette i Noreg, men som fyller vilkåra for å inngå ekteskap i Noreg, jf. Ekteskapslova § 12a. Det er nok at ein av brudefolket er busett i kommunen for at Vanylven kommune er pliktig til å tilby vigsel. Det er dei alminnelege reglane om folkeregistrert bustadadresse som styrer kven som vert rekna som innbyggar i kommunen. Kommunen sitt tilbod om borgarleg vigsel gjeld også for utanlandske statsborgarar.

 

2. Førebuingar til vigsel

Før ekteskap kan inngåast må brudeparet legge fram ein gyldig prøvingsattest på tidspunktet for ekteskapsinngåinga. Prøvingsattesten er det folkeregistermyndet som skriv ut, og er gyldig i fire månadar frå utskrivinga. Prøvingsattesten vert gjeve på bakgrunn av ei rekke dokument, som m.a. ligg på Skatteetaten si heimeside. Der fyl de ut erklæring frå brudefolket, forlovarerklæring og attest. I Vanylven kommune kan ein vigsel tidlegast avtalast frå det tidspunktet det føreligg ein gyldig prøvingsattest.

Skatteetaten har utvikla ei digital løysing for prøving av ekteskap. Med den nye løysinga kan komande brudepar enkelt logge seg på, invitere sine forlovarar eller vitner til å gjere det same, og motta prøvingsattest gjennom Altinn.

 

3. Tid og stad for vigsel

Vanylven kommune tilbyr ordførar sitt kontor eller kommunestyresalen som lokale for gjennomføring av vigsel. Lokalet vert tilrettelagt for vigsel, og har plass til brudefolk og gjestar.

Vanylven kommune er fleksibel på når og kvar ein vigsel kan finne stad. For å vere fleksibel må brudefolket kome med sine ynskje når dei bestiller vigsel. Dersom det er ynskjeleg at vigselen skal skje i eit anna lokale enn på rådhuset, må brudefolket sjølv dekke kostnadene med leige av dette.

 

4. Gjennomføring av vigsel

Ein vigsel skal ha seremoniell karakter. Det borgarlege vigselformularet vert nytta ved gjennomføringa av borgarleg vigsel. Seremonien kan tilpassast det enkelte brudeparet, t.d. med musikk og tekstlesning. Dette må i tilfelle organiserast og dekkjast av brudeparet.

Om ein av brudeparet er framandspråkleg, må det på førehand avtalast kva for språk som skal nyttast under seremonien. Vigsel kan skje på norsk eller engelsk. Om det er behov for tolk, må dette organiserast og dekkast av brudeparet.

Før vigsel vert gjennomført må vigslar ha mottatt prøvingsattesten frå brudeparet eller Folkeregisteret. Brudeparet skal legitimere seg. Gyldig legitimasjon må innehalde namn, bilete og fødselsdato. Det må vere to myndige vitne til stades under seremonien.

Vigslar kan, dersom ho/han finn at det er grunn til tvil om eit vilkår er oppfylt, utsette vigselen. Brudeparet vert pålagt å prove at vilkåra er oppfylte. Utover dette har ikkje vigslar noko grunnlag for å nekte å gjennomføre ein vigsel.

 

5. Melding om vigsel og registrering

I prøvingsattesten frå folkeregistermyndet inngår også melding om vigsel og vigselsbok (skjema Q-0309). Melding om vigsel og vigselsbok skal fyllast ut av vigslar. Spørsmåla skal svarast på så langt dei passar. Brudeparet og vitna skal skrive under vigselsmeldinga. Innan tre dagar skal rådmannen sende ein stadfesta kopi av dette til folkeregistermyndet.

Saman med vigselsmeldinga skal vigslar legge ved dokumentasjon for sitt vigselsmynde. Så lenge det er ordførar og varaordførar som har vigselsrett, er det nok med dokumentasjon på vervet.

Brudeparet får ein stadfesta kopi av skjemaet. Dette er gyldig som mellombels vigselsattest. Folkeregistermyndet skriv ut endeleg vigselsattest.

Rådmannen er ansvarleg for å føre vigselsbok med oversikt over ekteskap som er inngått av Vanylven kommune. Det originale skjemaet «Prøvingsattest/melding om vigsel/vigselsbok» (skjema Q-0309) utgjer vigselsboka.

 

6. Økonomi

Vanylven kommune tek ikkje betaling for å vigsling eller leige for bruk av bruk av lokale i rådhuset. Om brudeparet har spesielle ynskje, som fører til kostnadar for kommunen, må brudeparet sjølv dekke meirkostnaden. Ei eventuell betaling skal avtalast på førehand.

 

7. Ynskjer du vigsel i Vanylven kommune?

Brudepar som ynskjer å verte vigsla i Vanylven kommune, kan fylle ut elektronisk skjema for dette, og sende til kommunen sitt postmottak. Elektronisk skjema finn du i link her. 

I skjemaet må ein informere om namn på brudeparet, e-postadresse, telefonnummer, ynskje om lokalisering, dato og tid. Kopi av prøvingsattest må leggast ved. Han/ho som skal gjennomføre vigselen tek stilling til om dette kan gjerast slik som brudeparet ynskjer.

Servicetorget svarar på spørsmål om vigsel og har kontakten med brudeparet for å førebu vigselen.

 

Kontakt:

Paul Sindre Vedeld

E-post: paul.sindre.vedeld@vanylven.kommune.no

Telefon: 70 03 00 01

Mob: 95 83 87 82

Kontakt

Silje Møller Ekroll
prosjektleiar
E-post
Mobil 95 16 94 10