Fiberutbygginga

Fiberutbygginga

Kommunen har avtale med Telenor om utbygging av fiber. Enkelte område ligg slik til at det vil vere utfordrande å strekke ut fysisk fiberlinjer - desse vil difor få tilbod om høghastighetslinje for internett med andre tekniske løysingar.

Det har imidlertid vore nokre utfordringar knytt til utbygginga, som gjer at dei estimerte datoane på tilknytning som fleire av innbyggjarane har fått, er noko forsinka. Årsaka er delvis knytt til bruken av stolpar til å strekke opp kablane, då gamle stolpeføringsavtalar har vorte mangelfulle når spørsmål om det er stolpeeigar eller linjeeigar som skal koste eventuelle behov for nye stolpar der eksisterande stolpar ikkje vil tole belastninga av fleire linjer.

 

For spørsmål knytt til praktiske forhold ved utbygging av fiber i kommunen kan de ta kontakt på fiber@vanylven.kommune.no.

 

Abonnement og tilknytning

For meir informasjon om abonnement og korleis bestille, sjå fiber.telenor.no