STORTINGSVALET OG SAMETINGSVALET 2021

STORTINGSVALET OG SAMETINGSVALET 2021

  

I 2021 er det val av nytt Storting og nytt Sameting.

Valgdagen er fastsett til måndag 13. september. Enkelte kommunar har val over to dagar, både søndag 12. september og måndag 13. september. I Vanylven er det val ein dag: 13. september.

Det skal veljast 169 representantar til Stortinget. Av desse er 150 distriktsmandat frå dei ulike valdistrikta. Dei resterande 19 mandata er utjamningsmandat som er fordelte med eitt utjamningsmandat på kvart valdistrikt. 

Frå Møre og Romsdal fylke skal det veljast 8 representantar.

 

Fylkesvalstyret har i møte 03.05.2021 godkjent desse vallistene til Stortingsvalet 2021 i Møre og Romsdal:

  • Alliansen – Alternativ for Norge
  • Arbeiderpartiet
  • Demokratene
  • Folkeaksjonen Nei til mer bompenger
  • Fremskrittspartiet
  • Helsepartiet
  • Høgre
  • Industri- og næringspartiet
  • Kristeleg Folkeparti
  • Partiet De Kristne
  • Liberalistene
  • Miljøpartiet De Grønne
  • Partiet Sentrum
  • Pensjonistpartiet
  • Rødt
  • Senterpartiet
  • SV - Sosialistisk Venstreparti
  • Venstre

Godkjende vallister er lagt ut på www.mrfylke.no.

 

RØYSTERETT OG MANNTAL

Desse har røysterett ved stortingsvalet:

Norske statsborgarar som

  • vil ha fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som
  • er eller nokon gong har vore folkeregisterførte som busette i Norge, og som 
  • ikkje har mista røysteretten etter Grunnlova § 53.

Tilsette i diplomatiet eller konsulatstellet og husstanden deira har røysterett sjølv om dei ikkje oppfyller busetjingskriteriet.

Alle personar med røysterett vert automatisk ført inn i manntalet i den kommunen dei var registrert busette pr. 30.juni i valåret.

Dersom du har flytta til ein annan kommune etter 30. juni, er du framleis registrert i manntalet og har røysterett i den kommunen du flytta frå.

Manntalet vert lagt ut til ettersyn på Servicetorget, Rådhuset, Fiskå frå midten av juli/slutten av juli 2021.

Om du meiner manntalet inneheld feil, kan du sende skriftleg krav om oppretting av feilen til Valstyret i Vanylven, Rådhuset, 6143 Fiskå.

FØREHANDSRØYSTING: Tidlegrøysting – ambulerande - institusjonar

Veljarar som ynskjer det kan førehandsrøyste i perioden 10. august – 10. september på Servicetorget, Rådhuset måndag – fredag mellom kl 09.00 og 15.00.

Det vert også halde ope på Servicetorget, Rådhuset for førehandsrøysting laurdag 4. september mellom kl. 11.00 og kl. 14.00 og torsdag 9. september til kl. 18.00.

Dessutan kan veljarar som ikkje har høve til å røyste etter 10. august få avgje røyst frå torsdag 1. juli. Dette gjeld altså berre for dei som ikkje har høve til å røyste etter 10. august.

På grunn av koronasituasjonen er det ynskeleg at flest mogleg røystar på førehand, og at røystinga vert godt spreidd utover perioden 10. august – 10. september. Då vil ein få færre personar i vallokala på valdagen og dermed mindre sjansar for trengsel og evt. kø, noko som vi må prøve å unngå i desse koronatider. Vi oppmodar difor om at ein røyster på førehand når ein har bestemt seg for kva parti ein vil røyste på.  

Røystar du på førehand er røystegjevinga endeleg og kan ikkje omgjerast ved å møte fram på valdagen.

Du kan førehandsrøyste i ein annan kommune enn der du bur/er manntalsført. Dersom du røyster utanfor fylket du er registrert busett i, får du utdelt røystesetlar som er påførte dei registrerte politiske partia. Du må då krysse av for eller skrive på kva parti du røystar på.

Dersom du er i utlandet og ikkje får avgitt røyst i Norge, kan du førehandsrøyste på mange av dei norske utanriksstasjonane.  Utanriks og på Svalbard og Jan Mayen kan ein førehandsrøyste i perioden 1. juli – 30. august.

Sjuke og personar med forkjøling skal halde seg heime.

Heller ikkje dersom du er i covid-19 karantene skal du møte opp i det ordinære lokalet for førehandsrøysting. Vi oppmodar om at ein ventar med å røyste til ein har blitt frisk eller er ut av karantene, så langt det let seg gjere. 

Er du i karantene skal du førehandsrøyste i lokale på gamle sjukeheimen, Fiskå. Vi må få melding på førehand om at du ynskjer å førehandsrøyste.         

Du kan også få røyste der du oppheld deg. Søknadsfrist kl. 10.00 fredag 10. september.

Om du på grunn av sjukdom, isolasjonsplikt eller andre grunnar ikkje kan kome til vallokalet, kan du søkje om å få førehandsrøyste der du oppheld deg (ambulerande røystegjeving).  Søknad om ambulerande røystegjeving skal sendast til Valstyret i Vanylven, Rådhuset, 6143 Fiskå innan kl 10.00 fredag 10. september.

Siste veka før valet skal det vere førehandsrøysting på institusjonar i Vanylven kommune.

Dei nøyaktige dagane vert å avtale med leiarane på Vanylven helse- og omsorgssenter og Syvdetun. Dette vil bli kunngjort med oppslag på institusjonane.

LEGITIMASJON OG VALKORT

Veljarar som er ukjende for røystemottakar skal legitimere seg. Alle må difor ta med legitimasjon når dei skal røyste, både ved førehandsrøystinga og på valdagen 13. september. Gyldig legitimasjon kan vere pass, førarkort eller bankkort med bilete.

 

Alle veljarar får tilsendt valkort. Ved dette valet får dei fleste tilsendt valkortet digitalt. Personar som har registrert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret eller som ikkje har oppdatert eller bekrefta kontaktinformasjonen sin i registeret dei siste 18. mnd. får valkortet tilsendt på papir.  På valkortet finn du informasjon om opningstid og vallokale du skal nytte på valdagen.  Valkortet må takast med ved førehandsrøysting.

VALTING 13. SEPTEMBER

Det vert halde valting på desse stadane måndag 13. september 2021:

 

Rovde krins:               Rovde forsamlingshus

Myklebust krins:        Fredtunkjellaren - Bygdastova

Eidså krins:                Eidsåtun

Åram krins:                Åram skule - Grendastova

Fiskå krins:                 Kommunestyresalen, Combisenteret

Sylte krins:                 Syltefjord bygdehus

Åheim krins:              Åheim skule

 

Tid for røystegjeving kl. 10.00 – 18.00 i krinsane Myklebust, Fiskå og Åheim.

Tid for røystegjeving kl. 12.00 – 18.00 i krinsane Rovde, Eidså, Sylte og Åram.

 

Sjuke og personar med forkjøling skal halde seg heime.

Heller ikkje dersom du er i covid-19 karantene skal du møte opp i ordinært vallokale på valdagen. 

Då skal du røyste i lokale på gamle sjukeheimen, Fiskå. Vi må få melding om dette snarast mogleg på valdagen.

Du kan også få røyste heime. Søknadsfrist kl. 10.00 på valdagen.

Dersom du er i isolasjon på valdagen, kan du etter søknad få røyste der du oppheld deg (heime). Søknadsfrist kl. 10.00 på valdagen.

Nærare opplysingar om valet finn du på  www.valg.no  

SAMETINGSVALET

I kommunar med færre enn 30 personar i Sametingets valmanntal, slik som i Vanylven, er det berre høve til å førehandsrøyste ved Sametingsvalet.

Førehandsrøysting i perioden 10. august – 10. september på Servicetorget, Rådhuset mellom kl 09.00 og 15.00.