Stortingsvalet 2021 - her kan du røyste!Det vert halde val på representantar til Stortinget måndag 13. september. Du har røysterett om du er norsk statsborgar og fyller 18 år seinast 31. desember 2021. Du må vere registrert i manntalet for Vanylven 30.06.2021. Ta med legitimasjon. Røystekrins Røystestad Røystetid Rovde Rovde forsamlingshus 12.00 – 18.00 Myklebust Fredtunkjellaren- Bygdastova, Syvde 10.00 – 18.00 Eidså Eidsåtun 12.00 – 18.00 Fiskå Kommunestyresalen, Combisenteret, Fiskå 10.00 – 18.00 Sylte Syltefjord bygdehus 12.00 – 18.00 Åheim Åheim skule 10.00 – 18.00 Åram Åram skule – Grendastova 12.00 – 18.00 Hugs smittevern og hald avstand i vallokalet. Sjuke og personar med forkjøling skal halde seg heime. Heller ikkje om du er i covid-19 karantene skal du møte opp i ordinært vallokale på valdagen. Då skal du røyste i lokale på gamle sjukeheimen, Fiskå. Vi må få melding om dette snarast mogleg på valdagen. Du kan også få røyste heime. Søknadsfrist kl. 10.00 på valdagen. Dersom du er i isolasjon på valdagen, kan du etter søknad få røyste der du oppheld deg (heime). Søknadsfrist kl. 10.00 på valdagen. Vanylven valstyre Lena Landsverk Sande leiar Sist endra 10.09.2021 08:22