Miljøstasjonen på Lilleeide
Vanylven kommune har ein miljøstasjon på Lilleide, Fiskå. Sorteringshallen vart sett i drift 21.11.2017, og dermed kan det meste av avfallsleveringa gjerast under tak.
Publisert04.01.2021 14:21
Sist endra04.01.2021 14:21
Miljøstasjonen er open tysdagar kl. 12.00 - 17:45 (også i sommarferien, men stengt i romjula)
Private hushald kan levere fritt inntil 3 kubikkmeter avfall på Lilleeide. For leveransar større enn 3 kubikkmeter, må det betalast gebyr.
Næringsdrivande skal betale alt bortsett frå metall og EE-avfall. (Kommuna har ikkje plikt til å ta imot større leveransar frå næringsdrivande, men ta gjerne kontakt for å få vurdert ditt konkrete tilfelle.)
Restavfall som blir delt inn i to grupper:
- Restavfall 1: Brennbart og Kvernbart restavfall som ikkje kan kjeldesorterast
- Restavfall 2: Ubrennbart og Ikkje kvernbart restavfall som ikkje går i «restavfall 1»
- Gips, isolasjon, fjørmadrassar, tauverk/trosser, garn, nøter, lange tekstilar, plastrør, byggematerial og treverk lenger enn 2m, hydraulikkslangar, større plater av nylon, anna kunstfiber og liknande.
- Eternit/Asbest: kan leverast på palle , tett innepakka i 2 lag minimun 0,2mm (kraftig!) plast.
- Merk med «ASBEST»
- Landbruksplast: kan leverast kvar tysdag i eigen container som blir tømt etter behov
- Prøv å unngå store mengder på kvar leveranse
- Det er viktig at plasten er så rein som mogleg, elles får ein ikkje levert det inn og ordninga vil take slutt.
- Fritidsbåt 0-15 FOT: Ein kan levere inn fritidsbåtar og få kvittering på Miljøstasjonen som vidare kan nyttast til å få refundert 1000 kr frå Miljødirektoratet.
- Båtar 15-50 FOT må til andre mottak
- Informasjon om ordninga finnast på: https://soknadssenter.miljodirektoratet.no
- Våtorganisk matfall skal ikkje leverast på Miljøstasjonen
- Bildekk skal leverast til resirkulering hjå dekkforhandlaren (utan felgar)
- Heile bilvrak skal heller ikkje til Miljøstasjonen , men metall frå bilvrak/delar kan leverast.