Ungdomslosen er eit tilbod som Vanylven kommune har for ungdom og unge vaksne i alderen 12-24 år. Ungdomslosen er tilsvarande det som var "jobbsjansen for unge vaksne". Tilbodet passar for deg som grur deg til vidaregåande, ikkje har meistra skulen, ikkje fått lærlingplass, tatt pause i studie og står utan jobb, ikkje fått deg arbeid og treng litt hjelp og støtte på vegen.
Det kan ofte ver vanskeleg å finne ut av alle vegar å gå, Karina som er ungdomslos kan då hjelpe til med å ta kontakt med skulen eller bedriftene, ho kan hjelpe med å rettleie til å skrive søknad, CV, førebu til jobbintervju, uformelle samtalar om livet, økonomi, koordinere andre samarbeidspartar og liknande. Du treng ikkje gå skule, ha lærlingtid eller arbeide i Vanylven.
Ungdomslosen har teieplikt, men kan samarbeide med andre instansar etter løyve frå ungdommane og/eller føresette.
Ungdomslosen er ein del av familie- og læringssenteret.
Kven kan ungdomslosen hjelpe ?
Ungdomslosen er for deg som treng litt hjelp til å meistre vidaregåande, finne ut av alternative måte å fullføre skulen på, hjelp til å finne ein lærlingplass, treng litt ekstra oppfølging for å kome deg tilbake i aktivitet i form av arbeid eller skule, treng støtte i overgong ungdomsskule/vidaregåande, treng støtte i skulen, treng ein god prat og liknande.
Kostar det noko?
Tenesta er heilt gratis og er eit frivillig tilbod til dei unge vaksne i Vanylven
Publisert 03.05.2022 09:41
Sist endra 11.09.2023 10:16