Koronaviruset: Status og historikk for Vanylven kommune

Koronaviruset: Status og historikk for Vanylven kommune

Oppdatert 10.03.2022

Tirsdag den 08.03 er det registrert 19 stk, og onsdag den 09.03. - 21 stk.

Oppdatert 07.03.2022

Fredag 04.03 var det 14 stk. som vart registrert smitta. Laurdag 05.03: 11 stk. Søndag 06.03. 10 stk. I dag er det hittil meldt om 26 tilfelle.

Oppdatert 03.03.2022

Onsdag vart det meldt 16 smitta, torsdag er talet 13.

Oppdatert 02.03.2022

I morgon er det på ny mogleheit for vaksinasjon. Møt opp på kommunestyresalen mellom kl. 15-16!

Desse kan få vaksine:

* Dose 1 - for dei som endå ikkje er vaksinert.

* Dose 2 – 3 veker sidan dose 1 (12 år og oppover kan no også få to dosar om ynskjeleg)

* Dose 3 – 20 veker sidan dose 2 - alle over 18 år

* Dose 4 – 3 månedar sidan dose 3 (gjeld bestemte grupper med alvorleg sjukdom).

Vi vaksinerer med både korona (Pfizer)- og influensavaksine denne dagen. Alle som ynskjer det kan få influensavaksinen, så lenge det har gått 1 veke sidan siste koronavaksine.

Hugs munnbind under vaksinasjonen!

Oppdatert 02.03.2022

Det er fleire som har gitt tilbakemelding om at ein ynskjer oppdatering på smittetal, også i tida framover. Dette vert teke til etterretning ei periode til. Det er viktig å understreke at det er få som opplever alvorleg forløp av den varianten som vi no har. Vaksinene er også med på å beskytte mot alvorlege sjukdomsforløp.

Måndag var det meldt om 31 positive. Tysdag var talet 21.

Oppdatert 27.02.2022

Laurdag er det meldt om 23 positive. 

Oppdatert 26.02.2022

Fredag er det meldt om 33 smitta. 

Oppdatert 24.02.2022

Onsdag er det meldt om 19 positive.

Oppdatert 23.02.2022

Tysdag er det meldt om 17 smittetilfelle.

Oppdatert 22.02.2022

Måndag vart det meldt om 22 positive.

Oppdatert 21.02.2022

Søndag vart det meldt om 11 nye smittetilfelle.

Oppdatert 20.02.2022

Laurdag er det meldt om 15 smittetilfelle.

Positive hurtigtestar registrerast her:

https://minside.kommune.no/…/smitte…/hjemmetest

Oppdatert 19.02.2022

Fredag er det meldt om 8 smittetilfelle.

Hurtigtestar kan no også hentast på Joker Åram.

Oppdatert 18.02.2022

Torsdag er det meldt om 11 smittetilfelle.

26 personar møtte til vaksinasjon i dag.

Takk til alle som bidreg til god vaksinedekning i kommunen vår.

Oppdatert 16.02.2022

Minner om at det er vaksinasjonsdag igjen i morgon. Manglar du 1., 2., 3. eller 4. dose, så møt opp på kommunestyresalen på Fiskå mellom kl. 15 og 16.30.

Desse kan då få vaksine:

* Dose 1 - for dei som endå ikkje er vaksinert.

* Dose 2 – 3 veker sidan dose 1 (12 år og oppover kan no også få to dosar om ynskjeleg)

* Dose 3 – 20 veker sidan dose 2 - alle over 18 år (dei som er vaksinert til og med den 30. september)

* Dose 4 – 3 månadar sidan dose 3 (gjeld bestemte grupper med alvorleg sjukdom).

Vi vaksinerer både med korona (Pfizer)- og influensavaksine denne dagen. Alle som ynskjer dette kan få influensavaksine, så lenge det har gått 1 veke sidan siste koronavaksine.

For å beskytte dei i risikogruppene, ber vi om at alle nyttar munnbind under vaksinasjonen.

Oppdatert 15.02.2022 kl. 23:05

Tysdag er det til no registrert 26 nye smittetilfelle.

Oppdatert 15.02.2022

Framleis strenge smitteverntiltak i Helse Møre og Romsdal. Les meir på følgjande nettstad

Oppdatert 15.02.2022

Måndag vart det meldt om 12 smittetilfelle.

Oppdatert 13.02.2022

Det er gjennom helga så langt meldt inn 11 smittetilfelle. Eitt av desse er knytt til Fiskå skule og tre av desse er knytt til Åheim skule, samt eitt tilfelle knytt til institusjon.

Oppdatert 12.02.2022

Fredag vart det meldt 5 nye smittetilfelle.

Oppdatert 10.02.2022 kl. 22:55

Torsdag er det meldt om 8 nye smittetilfelle.

Det kjem stadig tilbakemelding fra innbyggjarar om negative resultat på hurtigtestar, til tross for smitte. Har du vore i nærkontakt med smitta og får symptom, men negativ hurtigtest, oppfordrar vil deg til å bestille PCR-test.

Ved positiv hurtigtest, hugs å registere deg her:

https://minside.kommune.no/…/smitte…/hjemmetest

Eller ta kontakt med legekontoret på 700 30109

Oppdatert 10.02.2022

Onsdag er det meldt 7 nye smittetilfelle.

Oppdatert 09.02.2022 kl. 19:50

Sidan 20. januar har det vore registrert 73 smittetilfelle i kommunen vår. Det viktigaste tiltaket for å forhindre meir alvorlege sjukdomsforløp er vaksinasjon. Det vert difor ny runde med vaksine på kommunestyresalen torsdag mellom kl. 15-16.30.

Desse kan då få vaksine:

* Dose 1 - for dei som endå ikkje er vaksinert, heilt ned til fylte 12 år

* Dose 2 – 3 veker sidan dose 1

* Dose 3 – 20 veker sidan dose 2 - alle over 18 år (dei som er vaksinert til og med den 23. september)

* Dose 4 – 3 månadar sidan dose 3 (gjeld bestemte grupper med alvorleg sjukdom).

Vi vaksinerer både med koronavaksine og influensavaksine denne dagen. Det må gå ei veke mellom dei ulike dosane.

Hugs munnbind under vaksinasjonen. 

Oppdatert 09.02.2022

Tysdag er det meldt om 8 nye smittetilfelle i kommunen vår. Det er tydeleg ein del villsmitte her. Vær obs på at for fleire arta det seg med oppkast/diaré, og vi oppfordre til testing også ved slike symptom. 

Oppdatert 08.02.2022

Måndag er det meldt om 12 positive.

Oppdatert 07.02.2022

Søndag er det meldt 3 nye smittetilfelle.

Oppdatert 06.02.2022

Laurdag vart det meldt om totalt 3 positive.

Oppdatert 05.02.2022

Det vart fredag meldt 3 nye positive. Det er også meldt ein positiv laurdag morgon. Det er no eit pågåande utbrot i Åheim barnehage med 3 smitta så langt.

Det er også villsmitte i kommunen vår, og vi ber om at alle er flinke til å teste seg, sjølv ved lette symptom. Testar kan hentast ved servicetorget på Rådhuset. Skulane/barnehagane har også ein del testar for barn/elever knytt til dei ulike einingane. Om du har symptom og ikkje har nokon til å hente test for deg, ta kontakt på koronatelefonen 700 30109. 

Positive testar registrerast her:

https://minside.kommune.no/…/smitte…/hjemmetest

Oppdatert 05.02.2022

Usikker på om du skal ha fjerde dose??

Nokre risikogrupper har tre dosar som sin grunnvaksinasjon, og skal dermed motta ein fjerde dose som sin oppfriskingsdose (3 mnd. etter siste dose) . Dette gjeld for følgjande:

Gruppe 1

• Organtransplanterte

• Beinmargstransplanterte dei siste 2 åra

• Alvorleg og moderat medfødd immunsvikt

• Alvorleg nyresvikt (stadium 5) eller i aktiv dialyse

• Avansert eller ubehandla hiv-infeksjon

Gruppe 2

• Pasientar med pågåande betydeleg immundempande behandling av annan årsak. Dette er pasientar som brukar immundempande medisiner som står på lista frå dei fagmedisinske miljøa

• Kreftpasientar med aktiv eller nyleg gjennomgått immundempande behandling som av ansvarleg legespesialist er vurdert til å ha svært nedsett immunforsvar

• Pasientar som av ansvarleg legespesialist vert rekna for å ha svært nedsett immunforsvar og som ikkje inngår i ei av gruppene ovanfor.

Ta kontakt på koronatelefonen eller din behandlingsansvarlege lege ved sjukehuset dersom du har spørsmål

Oppdatert 03.02.2022

Det er torsdag meldt om to som har testa positivt på hurtigtest. Det er ikkje kome svar på PCR-testar i dag, då det for tida er lengre svartid frå COVID-labben i Molde på grunn av instrumenthavari. Det vert meldt frå Molde at dei forventar å hente seg inn igjen i løpet av morgondagen. 

50 personar møtte til vaksinasjon. Neste vaksinasjonshøve vert torsdag 10. februar kl. 15.00-16.30

Oppdatert 02.02.2022 kl. 23:50

Det er onsdag stadfesta eitt nytt smittetilfelle.

Hugs vaksinasjon torsdag mellom kl. 15-16.30 på kommunestyresalen.

Oppdatert 02.02.2022

75,9% av alle i aldersgruppa 18-24 år har teke 2 dosar. Det er ynskjeleg å auke denne andelen. Vanylven kommune vil minne om at dei som er frå Vanylven, men ikkje bur her til vanleg, kan få koronavaksine i den kommunen dei bur i. Vi vil spesielt oppmode aldersgruppa 18-24 år om å nytte seg at dette tilbodet!

Oppdatert 02.02.2022

Det er måndag og tysdag meldt om 9 smitta.

Åheim skule gjennomførte siste testrunde i går, måndag, og det vart ikkje funne nye positive. Åheim skule og Åheim barnehage vil difor gå over til grønt tiltaksnivå fra torsdag av.

Talet på smitta vil auke også her i Vanylven. Eg ber difor instendig om at alle som har høve for det møter opp til vaksinering på kommunestyresalen torsdag den 3. februar mellom kl. 15-16.30. 

Desse kan då få vaksine:

* Dose 1 - for dei som endå ikkje er vaksinert.

* Dose 2 – 3 veker sidan dose 1 (12 år og oppover kan no også få to dosar om ynskjeleg)

* Dose 3 – 20 veker sidan dose 2 - alle over 18 år (dei som er vaksinert til og med den 16 .september)

* Dose 4 – 3 månadar sidan dose 3 (gjeld bestemte grupper med alvorleg sjukdom).

Vi vaksinerer både med korona (Pfizer)- og influensavaksine denne dagen. Alle som ynskjer kan få influensavaksinen, så lenge det har gått 1 veke sidan siste koronavaksine.

Hugs munnbind under vaksinasjonen!

Oppdatert 29.01.2022

Fredag vart det meldt om 4 nye smitta.

Måndag 24. januar var den siste dagen nokon av dei som er meldt smitta gjennom veka, var på Åheim skule. Dersom testane som vert teke no på måndag er negative, må ein rekne dette utbrotet som kontrollert.

Alle må likevel vere obs på luftvegssymptom framover og ha låg terskel for testing. Vi ser dessverre at fleire opplever å få fleire negative hurtigtestar, og samstundes positiv PCR. Ved usikkerheit bed vi om at du bestiller deg test på teststasjonen. Test både i hals og nase ved bruk av hurtigtestane.

Oppdatert 27.01.2022

Det vart seint onsdag kveld meldt om eitt nytt smittetilfelle. Under dagen i dag er det meldt om ytterlegare seks positive.

Oppdatert 26.01.2022 kl. 19:27

Tysdag og onsdag har det meldt seg 7 stykker som har testa positivt på hurtigtest. Ein av desse er elev ved Åheim skule. Testing av skuleelevar vil halde fram på fredag og måndag, før ein tek ei ny vurdering av vidare testregime. Minner om at alle som evt. testar positivt på hurtigtest melder ifrå om dette på https://minside.kommune.no/…/smitte…/hjemmetest, eller på 70030109 i opningstida til legekontoret.

Oppdatert 26.01.2022

I morgon, torsdag den 27. januar vert det ny runde med vaksinasjon på kommunestyresalen mellom kl. 15.30-17.00.

Desse kan då få vaksine:

* Dose 1 - for dei som endå ikkje er vaksinert.

* Dose 2 – 3 veker sidan dose 1 (12 år og oppover kan no også få to dosar om ynskjeleg)

* Dose 3 – 20 veker sidan dose 2 - alle over 18 år (dei som er vaksinert til og med den 9. september)

* Dose 4 – 3 månadar sidan dose 3 (gjeld bestemte grupper med alvorleg sjukdom).

Vi vaksinerer både med korona- og influensavaksine denne dagen. Alle som ynskjer kan få influensavaksine, så lenge det har gått 1 veke sidan siste koronavaksine.

Hugs munnbind under vaksinasjonen!

Oppdatert 24.01.2022

Systema som krev innlogging med ID-porten er nede. Om nokon no prøver å registere positive prøver, er dette difor ikkje mogleg. Send mail til underteikna, så vil eg ta kontakt.

Det er meldt 4 nye positive smittetilfelle ved Åheim skule, samt eitt nytt tilfelle blant øvrige nærkontaktar.

Alle tilsette og elevar held fram med testing gjennom veka. 

Minner om at alle andre også må teste seg ved symptom. Ved bruk av hurtigtest ber vi om at du gjentek testinga ved usikkerheit.

Vaksinasjonen denne veka vert torsdag den 27. januar på kommunestyresalen mellom klokka 15.30-17.00.

Meir informasjon om vaksinasjonen vil kome i eit eige innlegg, men det er no opna for at gruppa 12-15 år kan ta imot to vaksinedosar dersom dei ynskjer dette.

Oppdatert 22.01.2022

Det er i løpet av dagen stadfesta ein ny smitta knytt til utbrotet ved Åheim skule. Det er no ein tilsett som er smitta.

Minner om at alle frå 1-10. klasse kan hente hurtigtestar i morgon, søndag, som skildra av rektor i mail sendt på fredag.

Oppdatert 21.01.2022

Det vart seint i går kveld meldt om eitt nytt smittetilfelle på mellomtrinnet på Åheim skule, og det er i ettermiddag også meldt om eitt tilfelle på småtrinnet. For alle som har elevar på skulen, vert det vist til mail frå rektor. Ein oppfordrar no at alle på småtrinnet også hentar testar på søndag, for testing av barna før skulestart på måndag.

Oppdatert 20.01.2022 kl. 22:55

Det har i løpet av dagen i dag vist seg å vere eit smitteutbrot ved Åheim skule. Det er så langt meldt om 3 smitta. Det er gjennomført karantenesetting etter gjeldande retningslinjer. Dette innebærer at det kun er husstandsmedlemmar og tilsvarende nære, som skal karantenesettast. Alle elevar på mellomtrinnet og ungdomstrinnet er bedne om å teste seg med hurtigtest. Elevane på småtrinnet bør teste seg ved symptom. Vi vil vidare også oppfordre til testing x2-3 gjennom komande veke, og vi vil måtte forvente at ein avdekkar fleire smittetilfelle i dagane framover. Skulen vil ha testar tilgjengeleg for utdeling frå i morgon av.

Alle skulane/barnehagane i kommunen var planlagt for grønt nivå fra måndag av. Åheim skule og barnehage vil no verte drifta på gult nivå vidare, fram til vi har fått betre oversikt.

Ved evt. positiv hurtigtest vert det bede det om at ein registrerer svaret ved å nytte følgjande lenkje:

https://minside.kommune.no/…/smitte…/hjemmetest

Sjå kommunen si heimeside for meir informasjon om karantene og isolasjon ved positiv test.

Det er i løpet av dagen i dag også meldt om 2 andre tilfelle i kommunen. Desse var allereie i karantene, og det er difor ingen fare for ytterlegare spreiing knytt til desse.

Oppdatert 20.01.2022

Utdeling av hurtigtestar - servicetorget på rådhuset Fiskå i opningstida frå kl. 09.00 til kl. 15.30 måndag til fredag 

 

1. Henting av testar:

Dersom du ikkje har luftvegssymptom, kan du hente hurtigtest på servicetorget i opningstida.

Av smittevernoensyn ber vi om at innbyggjarar med luftvegssymptom får symptomfrie pårørande til å hente test for seg. Hugs å bruke munnbind når du hentar testar.

2. For personer som har symptom, men ingen friske til å hente for seg: 

Ring koronatelefonen 70030109 mellom kl. 09-15  måndag til fredag for å avtale utlevering.

 

Kven kan få gratis hurtigtest?

  • ved symptom som hovudverk, halsvondt, hoste, feber eller generell sjukdomskjensle. 
  • bur saman med ein som er smitta
  • har fått melding om at du er nærkontakt 

Du kan ikkje få hurtigtest av kommunen om du treng å teste deg før eit arrangement, for at du skal ut på reise eller for at du kjenner uro for å være smitta utan at du er definert som nærkontakt eller har symptom. 

Treng du testar utanom hentetid, får du også kjøpt testar på apotek.   

Har du testa positivt?                                       

Du må informere kommunen om positivt prøvesvar. Du kan registrere positivt prøvesvar her:

Reglar for karantene og isolasjon finn du her:                                                             

Kort:

  • Isoler deg med ein gong.
  • Du må varsle husstanden din som skal gå i karantene med ein gong og teste seg etter reglar
  • Du må sjølv varsle dine øvrige nærkontaktar. 

                                                                         

Ta kontakt på 70030109 ved spørsmål.  

 

Oppdatert 19.01.2022

Det vart meldt om eitt nytt smittetilfelle tysdag og eitt onsdag. Isolasjon og karantenesetting er gjennomført etter gjeldande regelverk. Minner om viktigheita av testing ved symptom eller dersom du har fått beskjed om at du er definert som nærkontakt. Då er det anbefalt testing på dag 3 og dag 5 etter kontakt. Bestill på c19.no eller på 70030109.

Hugs vaksinering i morgon, torsdag.

Oppdatert 18.01.2022

Med bakgrunn i dei nye føringane må vi rekne med auka smittetrykk i tida framover. Det er difor ekstra viktig at vi får vaksinert flest mogleg, raskast mogleg.

Det vert ny vaksinering førstkomande torsdag den 20. januar på kommunestyresalen mellom kl. 15-18.

Då er det berre å møte opp, om du skal ha første, andre eller tredje dose/fjerde dose. Dersom du ennå ikkje har teke første dose, og ynskjer ein samtale omkring dette, ber vi om at du tek kontakt med legekontoret og ber om å få snakke med kommuneoverlegen.

Desse kan få vaksine:

* Dose 1 - for dei som endå ikkje er vaksinert, heilt ned til fylte 12 år

* Dose 2 – 3 veker sidan dose 1

* Dose 3 – 20 veker sidan dose 2 - alle over 18 år (dei som er vaksinert til og med den 2. september)

* Dose 4 – 3 månadar sidan dose 3 (gjeld bestemte grupper med alvorleg sjukdom).

Vi vaksinerer både med koronavaksine og influensavaksine denne dagen. Det må gå ei veke mellom dei ulike dosane.

Hugs munnbind under vaksinasjonen.

Oppdatert 14.01.2022 kl. 22:41

Det er i ettermiddag meldt om eitt nytt smittetilfelle. Vedkomende var allereie i karantene, og det er difor ingen risiko for vidare spreiing i lokalsamfunnet.

Oppdatert 14.01.2022

Vidareføring av gult nivå i skule og barnehage.

Med bakgrunn i dei nye nasjonale føringane av i går, 13. januar , har vi hatt drøfting mellom ordførar, kommunalsjef for kultur- og oppvekst og kommuneoverlege. Med bakgrunn i smittesituasjonen i Vanylven er det mest hensiktsmessig med drifting på grønt nivå i trafikklysmodellen. Utfordringa er då at dette aukar risikoen for auka smittespreiing. Ein slik auke skal etter føringane haldast under kontroll med auka testing i skule og barnehage. Situasjonen i kommunen akkurat no er at vi har svært avgrensa tilgang på hurtigtestar. Vi forventar betring i denne situasjonen i løpet av veke 3, men inntil vidare vel vi å oppretthalde uendra tiltaksnivå fram til denne ressursen er kome på plass - då drifting på gult nivå. Det vil bli teke ny vurdering av tiltaksnivået torsdag den 20. januar.

Oppdatert 12.01.2022

Det er i dag meldt om 5 nye smittetilfelle. Desse har tilknyting til tidlegere meldte smittetilfelle, og er no sett i isolasjon.

Eg vil nytte høvet til å minne om vaksinasjon på kommunestyresalen i morgon, torsdag den 13. januar, mellom kl. 13-16.30.

Det byrjar å haste med å få vaksinert flest mogleg, då også Vanylven vil måtte forvente auka smittetrykk i tida framover. I særleg grad ber vi om at alle over 65 år som endå ikke har teke 3. dose om å møte opp. 3. dose har vist seg å gje god effekt mot alvorleg sjukdom.

Forøvrig ynskjer vi alle i målgruppene hjarteleg velkomen.

Desse kan då få vaksine:

* Dose 1 - for dei som endå ikkje er vaksinert, heilt ned til fylte 12 år

* Dose 2 – 3 veker sidan dose 1

* Dose 3 – 20 veker sidan dose 2 - alle over 18 år (dei som er vaksinert til og med den 26. august)

* Dose 4 – 3 månadar sidan dose 3 (gjeld bestemte grupper med alvorleg sjukdom).

Vi vaksinerer både med koronavaksine og influensavaksine denne dagen. Det må gå ei veke mellom dei ulike dosane.

Hugs munnbind under vaksinasjonen.

Oppdatert 08.01.2022

Denne veka vart det sett 297 koronavaksinar og 9 influensavaksinar. Godt jobba!

Ved gjennomgang ser ein at det er om lag 75 stykk i aldergruppa 65 år+ som endå ikkje har teke tredje dose av dei som har teke dose nummer to. Vi oppfordrar særleg desse til å møte opp til vaksinering i veka som kjem. Forøvrig ynskjer vi alle i målgruppene hjarteleg velkomen.

Desse kan då få vaksine:

* Dose 1 - for dei som endå ikkje er vaksinert, heilt ned til fylte 12 år

* Dose 2 – 3 veler sidan dose 1

* Dose 3 – 20 veler sidan dose 2 - alle over 18 år (dei som er vaksinert til og med den 26. august)

* Dose 4 – 3 månadar sidan dose 3 (gjeld bestemte grupper med alvorleg sjukdom).

Vi vaksinerer både med koronavaksine og influensavaksine denne dagen. Det må gå ei veke mellom dei ulike dosane.

Vaksinasjonen går føre seg på kommunestyresalen på Fiskå torsdag den 13. januar mellom kl. 13.00 og 16.30.

Vel møtt.

Hugs munnbind under vaksinasjonen.

Oppdatert 07.01.2022

Det vart seint torsdag kveld meldt om ein ny positiv. Vedkomande var allereie i karantene, og det vart ingen ny karantenesetting som følgje av denne positive.

Det er i dag meldt om eitt tilfelle med to positive hurtigtestar. Vedkomande er sett i isolasjon, og nærkontaktar i karantene. Desse har testa seg med hurtigtest, og vert forøvrig testa med PCR-test på måndag.

Første prøvesett til dei som var i nærkontakt på legekontoret er i kveld kome tilbake negative. 

Oppdatert 05.01.2022

Det er i ettermiddag meldt om eitt positivt smittetilfelle i Vanylven. Den smitta er tilsett ved Vanylven legesenter, og dei som er definert som nærkontaktar er sett i karantene. Legekontoret vil kunne ha noko redusert kapasitet i dei næraste dagane, så alle som treng umiddelbar helsehjelp må prioriterast. 

Vaksinasjon i morgon vil gå som normalt. Det vert vaksinasjon mellom kl. 09-13 på kommunestyresalen. Det vert vaksinert både med koronavaksine og influensavaksine. Vi oppfordrar sterkt alle som har høve til det, og som oppfyller kriteria for vaksinasjon (sjå tidlegere innlegg om vaksinasjon) , om å møte opp.

Hugs munnbind. 

Oppdatert 02.01.2022

Godt nytt år!

I årets siste veke vart det sett 78 coronavaksiner og 6 influensavaksiner. Neste vaksinering vert torsdag 6.januar kl. 10-13 på kommunestyresalen på Fiskå.

Då er det berre å møte opp for;

* Dose 1 - for dei som endå ikkje er vaksinert.

* Dose 2 – minst 3 veker sidan dose 1

* Dose 3 – alle over 18 år der det har gått minst 20 veker sidan dose 2 (dei som er vaksinert til og med den 19. august)

* Dose 4 – 3 månadar sidan dose 3 (gjeld bestemte grupper med alvorleg sjukdom).

Det vert også tilbode influensavaksine, og her er det særleg viktig at dei over 65 år får teke denne! Det må gå ei veke mellom influensavaksine og koronavaksine.

Takk for at du beskyttar deg selv og samfunnet vårt ved i bidra i dugnaden.

Hugs munnbind under vaksinasjonen.

PS! Om nokon no manglar hurtigtest for testing av sine små håpefulle før barnehage/skulestart, ta kontakt med den eininga barnet/eleven tilhøyrer.

Oppdatert 31.12.2021

Til alle foreldre/føresette med barn i skule/barnehage, og alle tilsette i skule/barnehage.

Helsedirektoratet har kome med ei sterk anbefaling om at alle tilsette i barnehagar og alle elevar og tilsette i barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule bør teste seg innanfor 24 timar før dei går på jobb eller skule fyrste dag etter juleferien.

Barn i barnehage bør testast ved symptom før dei vender tilbake.

For å imøtekome denne anbefalinga vil vi dele ut hurtigtestar søndag den 2. januar kl. 17-18.

På Åheim vert dette på parkeringsplassen utanfor Olivinhallen. På Fiskå vert det på teststasjonen ved den gamle sjukeheimen. I Syvde vert det i busslomma nedanfor biblioteket.

Det vert bede om at alle vert sittende i bilane under henting. Det er éin test til kvar elev/tilsett/barn.

Vi oppfordrar til at testen vert teken måndag kveld eller tysdag morgon. Ved evt. positiv test, tek ein kontakt med legekontoret på telefon 700 30 109.

Oppdatert 28.12.2021 kl. 18:30

Det er meldt om eitt nytt smittetilfelle i kveld. Vedkomande og nærkontaktar er allereie i karantene, og det aktuelle tilfellet medfører difor ingen risiko for vidare smitte i kommunen.

Oppdatert 28.12.2021

Minner om vaksinasjon i morgon, onsdag den 29. desember, kl. 12-14 på kommunestyresalen.

Desse kan då få vaksine:

* Dose 1 - for dei som endå ikke er vaksinert.

* Dose 2 – 3 veker sidan dose 1

* Dose 3 – 20 veker sidan dose 2 - alle over 40 år (dei som er vaksinert til og med den 12. august), samt alle tilsette i barnehage, skule og helse uavhengig av alder.

* Dose 4 – 3 månadar sidan dose 3 (gjeld bestemte grupper med alvorleg sjukdom).

Oppfordrar spesielt alle dei over 65 år som endå ikkje har teke tredje dose om å få ta den no. Dei i same aldersgruppe som ikkje har teke influensavaksine er også hjarteleg velkomen til å få ta denne.

Hugs munnbind.

Oppdatert 23.12.2021

142 koronavaksiner og 12 influensavaksiner vart sett onsdag den 22. desember.

Tusen takk for innsatsen!

Neste høve for vaksinasjon vert onsdag den 29. desember kl. 12-14 på kommunestyresalen.

Desse kan då få vaksine:

* Dose 1 - for dei som endå ikkje er vaksinert.

* Dose 2 – 3 veker sidan dose 1

* Dose 3 – 20 veker sidan dose 2 - alle over 40 år (dei som er vaksinert til og med den 12. august), samt alle tilsette i barnehage, skule og helse uavhengig av alder.

* Dose 4 – 3 månadar sidan dose 3 (gjeld bestemte grupper med alvorleg sjukdom).

Det er noko avgrensa opningstid på teststasjonen i jula. Den er stengd både julaftan og nyttårsaftan, samt helg. Ved symptom og behov for hurtigtest, ta kontakt med omsorgssenteret mellom kl. 15-17 på telefon 700 30 230. Testane kan hentast der i same tidsrom etter avtale. Den som hentar testen må vere symptomfri. Ved positiv test, ta kontakt med legevakt på 116117, og be om å få snakke med meg, Cecilie.

Med dette vil vi ynskje alle ei roleg, fredfull og aller helst, smittefri, julehøgtid.

Oppdatert 22.12.2021

Minner om korona- og influensavaksinasjon på kommunestyresalen i dag mellom kl. 15-20.

Hugs munnbind.

Oppdatert 21.12.2021

Vi treng framleis hjelp i dugnaden for å klare halde smitten nede. Helsevesenet er overbelasta og ein vil forvente at det vert meir krevjande tider fremover. Innbyggjarane i Vanylven har gjort ein kjempeinnsats, og vi ligg høgt oppe på kommunelistene over høgast andel vaksinerte i Møre og Romsdal. I skrivande stund er vi på tredjeplass når det gjeld oppfriskingsdosen. Takk!

Vi oppfordrar no alle over 45 år, der det har gått meir enn 20 veker sidan sist vaksinasjon (til og med dei som fekk vaksine den 5. august), alle tilsette i helse, barnehage og skule (uavhengig av alder), 16.-17.åringane som ikkje har teke dose nummer 2, andre som ikke har teke dose to, og ikkje minst - dei som no ynskjer fyrstegongs vaksinasjon om å møte opp på kommunestyresalen onsdag den 22. desember mellom kl. 15.00 - 20.00.

Har du ikkje teke influensavaksinen, kan du også bidra inn i dugnaden. 60,1% av dei over 65 år er influensavaksinert i kommunen vår. Det er auka risiko for alvorleg forløp av influensa om ein er i denne aldersgruppa, og fleire av desse tek opp sjukehusplassar årleg. Andelen bør difor aukast til minst 75%. Influensavaksinen vil også vere tilgjengeleg på kommunestyresalen onsdag den 22. desember mellom kl. 15.00-20.00.

Takk for at du hjelp til å beskytte deg sjølv og dine medmenneske mot smitte.

Du må nytte munnbind under vaksinasjonen.

Oppdatert 17.12.2021

Oppfriskingsdose koronavaksine.

Det vert ny massevaksinering, men no på kommunestyresalen onsdag den 22. desember mellom kl. 15.00 - 20.00.

Dette gjeld for alle over 45 år, der det har gått meir enn 20 veker sidan sist vaksinasjon (til og med dei som fekk vaksine den 5. august). Tidspunkt for siste vaksine kan sjekkast på helsenorge.no.

For tilsette i helse, barnehage og skule et det vaksinering av alle, uavhengig av alder, men også her må det ha gått 20 veker sidan siste dose.

Dei 16.-17. åringane som ikkje har teke dose nummer 2, oppfordrast til dette. Dette gjeld også alle andre grupper som evt. ikkje har teke 2. dose.

Har du framleis ikkje teke vaksine i det heile, er du sjølvsagt også veldig hjarteleg velkomen.

Vi vil også ha influensavaksine tilgjengeleg, men desse er øyremerka dei over 65 år og andre risikogrupper. Ein kan ikkje få koronavaksinen og influensavaksinen på same dag.

Alle må ha på munnbind under vaksinasjonen.

Oppdatert 15.12.2021 kl. 23:30

Obs. Vi treng hjelp til ein liten dugnad.

Er du ein av dei 367 personane over 65 år i kommunen som ikkje har teke influensavaksinen endå, eller kjenner du nokon som er i denne gruppa?

Influensaen er aukande i Noreg. Det er meldt at den vil kunne verte ganske kraftig i år. Helsevesenet har pressa kapasitet. 

Eg vil difor sterkt anbefale at alle i denne aldersgruppa tek influensavaksinen.

Du som ikkje har teke influensavaksinen endå, er difor også hjarteleg velkomen til å møte opp på ungdomshuset torsdag den 16. desember kl. 09-13 for vaksinering. Hugs då å seie at du ynskjer influensavaksine

Oppdatert 15.12.2021

Minner om at det i morgon, torsdag den 16. desember, vert vaksinasjon på ungdomshuset på Fiskå kl. 09.00 -13.00. Dette er oppfriskingsdose for dei som er 55 år og eldre. I tillegg skal personar 18 år og eldre med underliggande medisinske helsetilstandar som gjev høg risiko for alvorleg forløp av covid-19, også verte tilbode ein oppfriskingsdose. Gruppa inkluderer dei organtransplanterte, dei med immunsvikt, hematologisk kreftsjukdom siste fem år, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft, nevrologiske sjukdomar eller muskelsjukdomar som medfører nedsett hostekraft eller lungefunksjon, Downs syndrom, kronisk nyresjukdom eller betydeleg nedsett nyrefunksjon. Helsepersonell har også høve til å møte på denne vaksinasjonen, men då etter avtale med eigen leiar med tanke på bemanningssituasjon inn i mot helg.

Det må ha gått 4,5 månad mellom siste dose i primærvaksineringa og oppfriskingsdosen. Dette kan undersøkast på helsenorge.no

Alle som ynskjer 1. gongs eller 2. gongs vaksinering er sjølvsagt også hjarteleg velkomen.

Hugs munnbind under vaksinasjonen.

Siste vaksinasjonsdag før jul vert den 22. desember, då med vaksinering for dei over 45 år og tilsette i barnehage og skule, der det har gått 4,5 mnd. sidan sist vaksinasjon.

Oppdatert 12.12.2021

Søndag er det meldt om eitt nytt smittetilfelle. Vedkomende er sett i isolasjon, og det er ingen fare for videre spreiing til lokalsamfunnet.

Oppdatert 11.12.2021 kl. 23:38

Laurdag kveld er det meldt om eitt nytt smittetilfelle. Dette tilfellet har familierelasjon til tidlegere meldte utbrot.

Oppdatert 10.12.2021

Det er i ettermiddag meldt om to nye positive - éin PCR-test og éin hurtigtest. Smittesporing er gjennomført etter gjeldande retningslinjer. Den eine av desse er ikke knytt til tidlegare kjente utbrot her i kommunen. Smittekjelda er ikkje kjent, men ein antek at denne ikkje er frå Vanylven.

Oppdatert 09.12.2021 - kl. 23:20

462 var innom for vaksinering i dag. Takk til alle som bidreg i dugnaden! 

I veke 50 ynskjer vi å tilby dei som er 55 år og eldre ein oppfriskingsdose. I tillegg skal personar 18 år og eldre med underliggjande medisinske helsetilstandar som gjev høg risiko for alvorleg forløp av covid-19, også tilbys ein oppfriskingsdose. Gruppa inkluderer dei organtransplanterte, dei med immunsvikt, hematologisk kreftsjukdom siste fem år, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft, nevrologiske sjukdomar eller muskelsjukdommar som medfører nedsett hostekraft eller lungefunksjon, Downs syndrom, kronisk nyresykdom eller betydelig nedsett nyrefunksjon.

Det må ha gått 5 månadar mellom siste dose i primærvaksineringa og oppfriskingsdose.

Vi ber desse gruppene møte opp på Fiskå ungdomshus, torsdag den 16. desember mellom kl. 09.00- 13.00.

Alle som ynskjer 1. gongs eller 2. gongs vaksinering er sjølvsagt også hjarteleg velkomen. 

Oppdatert 09.12.2021 - kl. 15:05

Det er på føremiddagen i dag meldt om 2 nye smittetilfelle stadfesta med PCR. Fleire prøvesvar er venta utover kvelden.

Oppdatert 09.12.2021

Onsdag vart det stadfesta eitt nytt tilfelle med PCR. Vedkomande sit allereie i isolasjon. Det er også meldt om ein ny positiv hurtigtest. Vi ventar framleis svar på ein del av dei prøvene som varte teke tysdag.

Oppdatert 08.12.2021

Eg minner om oppfriskingsdosen på Fiskå ungdomshus torsdag den 9. desember mellom kl. 09.00-15.

Dette er då for dei over 65 år som endå ikkje har fått tredje dose. I tillegg skal personar 18 år og eldre med underliggjande medisinske helsetilstandar som gjev høg risiko for alvorleg forløp av covid-19, også få ei oppfriskingsdose. Desse skal ha fått eit brev frå oppfølgjande sjukehus om dose 3. Uvaksinerte er også hjarteleg velkomen.

Dei som allereie har fått time denne dagen vert også bedne om å møte på ungdomshuset.

Smitta er aukande i samfunnet generelt . Vi oppfordrar sterkt til å la seg vaksinere for å klare å bremse dette!

Dersom du har luftvegssymptom og ikkje er testa, ber vi om at du utset vaksinasjonen til neste veke.

Om du har vore mogleg nærkontakt den siste veka, ber vi om at du utset vaksinasjon dersom du ikkje har testa deg, og fått negativt svar.

Bruk munnbind under vaksinasjonen. 

Hald avstand til andre, minst éin meter.

Oppdatert 08.12.2021

Den tilsette ved legekontoret, som under helga fekk ein positiv hurtigtest, har no testa negativt på PCR. Det er difor ikkje lengre mistanke om smitte hjå helsepersonell på legekontoret.

Oppdatert 07.12.2021

Det er i kveld, tysdag, stadfesta 7 smittetilfelle med PCR-test. Smittesporing er gjennomført etter gjeldande retningslinjer. Molde har hatt nokre tekniske utfordringar i dag, og ein del prøver er ikkje ferdig analysert. Det vart teke totalt 95 PCR-prøver i går, måndag, og ein forventar at ein får svar på resten av desse i morgon tidleg/morgon føremiddag.

Smitteveg/smittestad er kjent hos samtlege.

Éin av dei positive er elev ved Fiskå skule. Foreldre/føresette i den aktuelle klassen er kontakta med råd om korleis ein skal førehalde seg til dette.

I dag (tyrsdag) er det gjennomført 166 testar.

Oppdatert 06.12.2021

Det er i ettermiddag meldt om eitt nytt smittetilfelle stadfesta med PCR. Det er under dagen i dag også meldt om 3 andre som har fått positiv hurtigtest. Desse har teke PCR-test i dag.

Med bakgrunn i desse opplysningene er det no ynskjeleg at dei som var på Lys våken i Åram kyrkje søndag den 28.november, i Lysmesse på Slagnes same dag, på julekorøving på Åram tysdag den 30. november, Frendarøving onsdag 1. desember og gravferd på Åram fredag den 3. desember om å teste seg med PCR. Dette er viktig sjølv ved milde symptom.

Ein bør i all hovudsak nytte C19.no for bestilling.

Dei som ynskjer hurtigtest i kveld, kan hente denne mellom kl. 21-22 på parkeringsplassen på grendastova på Åram. V ber om at ein vert sittande i bilen. Hugs at hurtigtest ikkej er ein god erstatning for PCR, men at det kan gje ein indikasjon på smitte.

Vi oppfordrar sterkt alle til å følgje dei nye nasjonale føringane:

- Å seie ja til vaksine.

- Hald deg heime og test deg når du er sjuk.

- Hald avstand til andre, gjerne ein meter, der det er mogleg.

- Unngå handhelsing og klemming.

- Vaksne vert bedne om dei kan redusere talet på kontaktar.

- Bruk munnbind der det ikkje er mogleg å halde avstand - på butikkar og kjøpesenter, i taxi og kollektivtransport

- Bruk munnbind i kontakt med helse- og omsorgstenesta.

Oppdatert 05.12.2021 - kl. 20:48

Tre tilsette i Syvde barnehage har i kveld fått stadfesta positiv koronatest. Det er nokre prøver som det ikkje har kome svar på i kveld. Desse personane er i karantene til ein har fått svar på testane.

Det er gjennomført smittesporing etter gjeldande retningslinjer. Barnehagen er også i dialog med foreldre/føresette som har barna sine i den aktuelle barnehagen.

Oppdatert 05.12.2021

I løpet av helga har det blitt avdekka ein noko uoversiktleg smittesituasjon i kommunen vår. Vi har som tidlegere meldt testa 65 stykker med PCR-test i går. Desse ventar vi framleis svar på. Forhåpentligvis får vi svar i løpet av ettermiddag/kveld. Det vil bli gitt meir informasjon etter kvart.

I tillegg er det meldt om tre andre moglege smittehendingar. I det eine tilfellet er smittesporinga førebels ferdigstilt, og ein vil gjennomføre testing av kontaktar med PCR i morgon. I det andre tilfellet er det gått ut ei fellesmelding til alle som var på same arrangement med oppfordring om å teste seg. Det tredje tilfellet er knytt til legekontoret, der éin tilsett har testa positivt på hurtigtest. Vedkomande er testa på nytt, og testa då negativt. Det vil verte gjennomført PCR-test i morgon. Alle andre tilsette ved kontoret har testa negativt på hurtigtest, og ein vil oppretthalde denne testinga til PCR-svar er klart. Legekontoret vil verte drifta som normalt.

Vi oppfordrar alle til å følgje dei nye nasjonale føringane:

- Å seie ja til vaksine.

- Hald deg heime og test deg når du er sjuk.

- Hald avstand til andre, gjerne ein meter, der det er mogleg.

- Unngå handhelsing og klemming.

- Vaksne vert bedne om å vurdere om dei kan redusere talet på kontaktar.

- Bruk munnbind der det ikkje er mogleg å halde avstand - på butikkar og kjøpesenter, i taxi og kollektivtransport

- Bruk munnbind i kontakt med helse- og omsorgstenesta.

Oppdatert 04.12.2021

65 personar er i dag blitt testa med PCR-test. Desse prøvene har kome til Molde i kveld, og vil høgst sannsynleg verte analysert i løpet av søndagen.

Oppdatert 03.12.2021

Det er i kveld blitt påvist korona hos ein av dei tilsette i barnehagen i Syvde. Det vil verte organisert testing i morgon av alle tilsette, og vi oppfordrar også til at barn i barnehagen testar seg (evt. også foreldre/føresette). Teststasjonen opnar kl. 09, og det er opna for bestilling på c19.no.

Oppdatert 01.12.2021

Det er hittil i veke 48 meldt om tre nye positive smittetilfelle. Smittekjelda er kjent, og alle er sett i isolasjon. Det er ingen mistanke om ytterlegere spredning knytt til desse tilfella. Med bakgrunn i smittesituasjonen rundt oss, ber vi likevel om at alle er obs og har låg terskel for testing. Med bakgrunn i testsikkerheita til ein hurtigtest er det viktig at ein passer på å gjenta ein slik test dersom ein har mistanke om smitte då vi ser at der er ein del slike testar som vert falske negative.

Frå i dag av er det også ei generell nasjonal anbefaling om bruk av munnbind. Daåved kontakt med helse - og omsorgstenesta, på kjøpesenter og i kollektiv transport. Det er høg infeksjonsbyrde i befolkninga generelt, og dette kan vere eit godt smitteførebyggande tiltak også for andre luftvegsinfeksjonar.

Oppdatert 19.11.2021

Det er i dag stadfesta eitt nytt positivt smittetilfelle. Dette tilfellet har direkte relasjon til dei som vart meldt i går.

Oppdatert 18.11.2021

Det er i ettermiddag stadfesta tre positive tilfelle i kommunenen vår. Desse er i isolasjon. Smittesporing etter gjeldande retningslinjer er gjennomført. Vi oppfordrar alle til å vere ekstra obs på symptom og ta kontakt på 70030109 eller c19.no for testing.

Korleis førebygger du smitte? 

Generelt: Ha god hand- og hostehygiene

Ikkje besøk sjukeheimen , omsorgsbustadane eller bustadane med brukarstyrt personleg assistent dersom du har teikn på luftvegsinfeksjon (sår hals, hoste, nysing og/eller feber). Barn og foreldre skal vere friske når dei kjem på helsestasjonen. 

Etter reise til utlandet: Hald deg heime i 14 dagar dersom du har har vore i eit område med vedvarande spreiing av viruset, uavhengig av om du har symptom eller ikkje. 

Før reise til utlandet: Sjå råda om smittevern ved reiser

Les meir om kva koronaviruset er og sjå alle nasjonale råd til innbyggarane frå Folkehelseinstituttet. 

 

I kva tilfelle skal du kontakte lege?

Ring dersom du

  • har symptom som hoste, feber, sår hals, brystsmerter og pustevanskar og 

  • har vore i eit område med vedvarande spreiing av koronaviruset eller hatt nærkontakt med ein person som er bekrefta sjuk med viruset i løpet av dei siste 14 dagene 

 

Kvar skal du ringe?

Vanylven legesenter har nummeret 70 03 01 00 og tek telefonen mellom kl. 8 og 16 på kvardagane. 

Elles på døgnet og i helgene ringer du legevakta på nummeret 116 117. 

Artikkelliste