Nytt lokale for testing av covid-19

Nytt lokale for testing av covid-19

Frå og med 21. september vil ein ha mulegheit for å teste seg for Covid-19 i nye lokale ved 1. etasje på gamle sjukeheimen, på hjørnet ved siden av vaskeriet. 

I det nye lokalet har ein moglegheit for å kome inn for å ta testen, men det vil bli lagt opp til å fortsatt teste personar i bilane sine så langt det let seg gjere (spesielt dei som er dårleg til beins). 

Dersom det blir vurdert at ein treng legetilsyn, er lokalet enkelt utstyrt for undersøking. 
NB! Hugs at du må ha avtale for å teste deg for Covid-19.

Du kan sjølv bestille avtale på nett (krevjer innlogging med bankID)  

  

Må ha avtale

Alle som skal ta test MÅ ha avtale, du kan enten

Dersom du ikkje har høve til å bestille time via nett, kan du ringe koronatelefonen på dagtid: 700 30 109.  Den er open kl 09 – 14 på kvardagane. For henvendingar i helg/helligdagar, ta kontakt med legevakt på 116 117.

 

Kart og vegbeskrivelse