Miljøretta helsevern omfattar dei faktorane i miljøet som til ei kvar tid direkte eller indirekte kan ha innverknad på helsa. Les meir om miljøretta helsevern i eiga forskrift og på kommunen si heimeside under tenesta Helse og omsorg, og vidare under Helsehjelp. Ansvaret for smittevern og miljøretta helsevern er delegert til kommuneoverlegen. Kommuneoverlegen er medisinskfagleg rådgjevar og har det samfunnsmedisinske ansvaret i kommuna.
Grunnlagsdokument
Vanylven kommune har eit skriftleg oversiktsdokument som vert oppdatert kvart fjerde år som kunnskapsgrunnlag for planstrategien til kommunen.
Folkehelseoversikta 2020 - Grunnlagsdokument til kommunal planstrategi 2020-2024 i Vanylven kommune
Kvart år utarbeider Helsedirektoratet folkehelse- og oppvekstprofilar for alle kommunane i landet. Her kan du laste ned folkehelseprofil eller oppvekstprofil - Helsedirektoratet
Ungdata er ei lokal barne- og ungdomsundersøking der skuleelevar svarar på spørsmål om korleis dei har det og kva dei driv på med i fritida.
Ungdata-rapporten kan du lese her.
Kommunedelplanen sin samfunnsdel
Folkehelse er eitt av dei gjennomgåande perspektiva i samfunnsdelen av kommuneplanen. Sjå særskilt satsingsområdet 2 Folkehelse og Livskvalitet. Kommuneplanens samfunnsdel
Samfunnsdel, 2022-2040
Samarbeid om folkehelse i Vanylven kommune
Vi har eit samarbeid med Møre og Romsdal Fylkeskommune gjennom "God helse" (mrfylke.no). God Helse- samarbeidsavtalen omfattar avtalepartane sitt ansvarsområde i det helsefremmande og førebyggande arbeidet.
Vanylven kommune er også medlem i Sunnmøre friluftsråd, som er eit kommunalt oppgåvefellesskap. Friluftsrådet skal fremje eit allsidig og miljøvennleg friluftsliv i regionen blant anna StikkUt! og Skjærgårdstenesta som er tiltak i regi av friluftsrådet.