Feiing og tilsyn

Ei sotete pipe gjev dårlig trekk, dårlig forbrenning og dermed uøkonomisk fyring. Det er større fare for pipebrann og delen av giftig kullos (CO) i røyken aukar. Ein omn full av sot varmar dårlig. Derfor kjem feiaren.

I løpet av 4 år vert det to feiingar og eitt tilsyn av bustadeigedomar i kommunen.


Tilsyn i bustad er ein kontroll av at bustaden stettar forskrifta sine krav til fyringsanlegg, varslings- og slokkeutstyr.
 

Tilsyn består av:

  • tilsyn/inspeksjon av fyringsanlegget (ildstad, skorstein, sotluke eventuelt feieluke, røykrør, brannmur og anna tilhøyrande fyringsanlegget)
  • kontroll av tilkomst-tilhøve for feiaren.
  • det kan og vere mogleg innan ein begrensa tidsbruk å foreta tilsyn av slokkemiddel, røykvarslarar, rømningsvegar og liknande.

Etter brann eller eksplosjon i pipe/fyringsanlegg må huseigar ta kontakt med feiar for å få utført tilsynsvurdering av anlegget før det kan takast i bruk.

Alle bustader der det er kobla omn til pipe er pålagt kommunal feiing. Det er eigar/brukar sitt ansvar at fyringsanlegget er intakt og virkar som det skal. Eigar/brukar pliktar å sikre at tilfredstillande tilkomst opp til og på tak, inn til sotluke og evt. feieluke på loft er utført etter gjeldande lover og forskrifter.

Prisar

Årleg avgift 2018
Pris pr pipe kr 399,30
Pris pr ekstra pipe kr 218,42

 

Meir informasjon om feiing og tilsyn kan du finne i føresegnet for VAR-området  (PDF, 265 kB)

Kontakt

Magne Lundehaug
senioringeniør/brannsjef
E-post
Telefon 70 03 00 62
Mobil 974 94 380