GrensejusteringDersom du vil auke eller redusere eigedomen din kan du søkje om grensejustering. Areal kan aukast eller reduserast med inntil 5 % av det minste arealet, men maksimalt 500 kvadratmeter.Ved makeskifte mellom eigendomar kan arealet justerast med opptil 20 %, men netto justert må likevel ikkje overstige 5 %.Om arealet overstiger grenseverdiane, må det søkjast om deling eller arealoverføring. Kven kan få tenesta?Avgivar av areal skal levere søknaden.Kva kan du forvente?Du kan forvente at saka di vert handsama etter gjeldande lovverk utan usakeleg forskjellsbehandling.Korleis kan eg søkje?Søknadskjema for arealoverføringHusk å legge ved kart og nabovarsel. Naboliste kan du finne på E-torg: https://sunnmorskart.e-torg.no/Ved grensejustering, bruk dette skjemaet: Oppmålingsforretning - Søknadspliktige tiltak(PDF, 515 kB)Skjema for nabovarsel finn du her Kvittering for nabovarsel(PDF, 226 kB)Når kan du vente svar?Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan 3 veker.