Bålbrenning

Bålbrenning

I Norge er det eit generelt bålforbod frå 15.april til 15 september. I denne perioda er det forbode å tende bål og grill (også eingongsgrill) i eller i nærleiken av skog, kystområde, og anna utmark. 

istockphoto.com

Generelt bålforbod

Sjølv om det er generelt har du lov å tende bål der det er opplagt at det ikkje kan starte ein større brann. Dette kan for eksempel vere viss det ligg snøv på bakken og det har regna i lang tid. Du kan også grille på stranda i god avstand frå skog og vegetasjon. Det er også lov å grille på tilrettelagde grill- og bålplassar som er godkjend av kommuna. Du kan grille i din eigen hage, sjølv om det er generelt bålforbod. Hagane reknast som innmark og omfattar ikkje forbodet. 

Totalt bålforbod

Viss skogbrannfara er høg kan brannvesenet lokalt legge ned totalforbud mot å gjere opp eld utandørs. I praksis betyr eit slik totalforbod at du ikkje har lov å grille eller tende bål verken i skog, utmark eller på stranda. Grilling i egen hage er som regel tillatt, så lenge ein passar godt på. Bråtebrenning er ikkje lov når det er totalforbud. 

Melding om bål 

Du sende inn melding om bål til kommunen og få automatisk svar, dersom du har fylt ut skjemaet rett. 

Jonsokbål

Hugs at alle jonsokbål skal meldast til oss. 

Tips til trygg bålbrenning 

  • Ta omsyn til skogbrannfare og vindforhold
  • Det er alltid den som brenn bål som har ansvaret for brannsikkerheita 
  • Det bør vere ein vaksen, edru person som er ansvarleg for bålet. 
  • Bålet må vere i god avstand frå bebyggelse og vegetasjon 
  • Bålet må ikkje vere større enn at du har kontroll på det og kan sløkke ved behov 
  • Ha eigna sløkkemiddel lett tilgjengelig 
  • Det er forbod mot å brenne plast, bygningsmateriale og anna søppel 
  • Når du forlet bålplassen skal bålet vere heilt sløkt
  • alle bål skal slukkast før det blir mørkt ute, slik at det ikkje oppfattast som brann av dei som ser bålet på avstand. 
  • Vanylven brann og redning ønsker at du informerar 110-sentralen før du tende større bål eller brenn bråte. Dette er for at vi ikkje skal få brannmeldingar på det som er ditt bål. 

Kontakt

John Sindre Kragset
Brannsjef / Hamnesjef
E-post
Mobil 90 86 84 36