Gratulerer med frigjeringsdagen og veterandagen

Gratulerer med frigjeringsdagen og veterandagen

 

I dag er det 77 år sidan frigjeringa av Norge. Vanylven kommune og forsvaret markerar frigjeringsdagen og veterandagen med høgtidleg samling ved bautaen på Fiskå kl. 13.00. 

Der vil det bli utdeling av medaljar ved forsvaret og tale ved veteran Gustav Landsverk, og ei sosial samling med mat og kaffi for veteranane etter samlinga ved bautaen.

Markering av veterandagen er eit av fleire tiltak som Vanylven kommunen har i sin kommunal veteranplan som var vedteke i 2017 – der planen har ein eigen tiltaksdel med følgjande hovudpunkt:

  • anerkjenning
  • ivaretaking
  • oppfølging

Vi ønskjer i dag å informere om at kommunen vil rullere veteranplanen frå 2017, slik at vi kan få innspel frå forsvaret, veteranane og andre – både på innhaldet i planen og tiltaksdelen.

Kommunen har laga ein digital tilbakemeldingskanal, der vi samlar alle tilbakemeldingane.

Skjema finn du her