TV-aksjonen 2026 – saman for menneske på flukt
TV-aksjonen 2026 skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre buforhold i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo.
Kvart andre sekund må eit menneske flykte frå krig og konflikt. Årets TV-aksjon går av stabelen 18. oktober og går til NRC Flyktninghjelpen, som skal gi menneske på flukt ein trygg heim og håp for framtida.
Aldri før har så mange hatt behov for hjelp til å skaffe seg ein trygg heim. Men det finst håp – og det finst løysingar.
TV-aksjonsbøsser i din lokale matbutikk
I år går vi for same løysing som i fjor, og det vil derfor ikkje bli gått rundt med bøsser under sjølve TV-aksjonen. Men det betyr ikkje at du ikkje kan bidra!
Frå måndag 5. oktober vil det stå bøsser i matbutikkar rundt om i kommunen. Her kan du gi ditt bidrag fram til fredag 16. oktober.
Har du lyst å gi til TV-aksjonen digitalt?
Du kan støtte vår digitale bøsse her: Spleis - Vanylven kommune
Eller
Vipps: 2133
Giverstafett.no
Tusen takk til alle i kommunen som ønskjer å bidra til TV-aksjonen! Saman kan vi gi fleire menneske ein tryggare heim og håp for framtida.
Ordførar Paul Sindre Vedeld og Konsulent Irma Moen