Høyring – lokal forskrift om grunntilskotssatsar til private barnehagar i Vanylven kommune for 2027

Høyring – lokal forskrift om grunntilskotssatsar til private barnehagar i Vanylven kommune for 2027

Vanylven kommune legg forslag til lokal forskrift om satsar for berekning av grunntilskot til private barnehagar for 2027 ut på høyring.

Frå tilskotsåret 2027 skal kommunen fastsetje satsane for grunntilskot til private barnehagar i lokal forskrift. Dette følgjer av barnehagelova og forskrift om finansiering av private barnehagar.

Vanylven kommune har éin privat ordinær barnehage. Føremålet med forskrifta er å fastsetje satsane som skal nyttast ved berekning av grunntilskot til private ordinære barnehagar i kommunen i 2027.

Berekning av satsane

Satsane er berekna med utgangspunkt i rekneskapen til Vanylven kommune for 2025, relevante BASIL-data og gjeldande regelverk.

Telemarksforsking har bistått med kvalitetssikring av berekningsgrunnlaget og dei førebelse satsane.

Forslaget inneheld førebelse satsar for barn under og over tre år. Satsane kan bli justerte før forskrifta blir fastsett dersom det kjem endringar i kommunal deflator eller maksimalprisen for foreldrebetaling.

Høyringsdokument

Følgjande dokument er lagde ved høyringa:

Høyringsfristen er 4. november 2026.

Alle som ønskjer det, kan sende inn høyringsinnspel. Innspela skal sendast skriftleg til Vanylven kommune på postmottak@vanylven.kommune.no 

Merk innspelet med: Høyring – lokal forskrift om grunntilskotssatsar til private barnehagar 2027 - Saksnummer 26/575

Høyringsinnspela vil bli vurderte før forskrifta blir lagd fram for endeleg behandling.

Forskrifta skal etter planen fastsetjast og kunngjerast innan 30. november 2026.