Prisar og betaling barnehage

Prisar og betaling barnehage

Pris for barnehageplass er regulert av forskrift om foreldrebetaling i barnehagar. Forskrifta fastset ein maksimalpris som vert fastsett av Stortinget, i deira årlege budsjettvedtak. Kommunen har søskenmoderasjon.

Endring i satsane er basert på statsbudsjettet for 2023.

Foreldrebetaling barnehage frå 1.januar 2023

Foreldrebetaling barnehage frå 1.januar 2023
Plass Ny sats barn 1 Ny sats barn 2 Ny sats barn 3
100% 3000,- 2100,- 1500,-
80% 2550,- 1785,- 1275,-
60% 2100,- 1470,- 1050,-

Endring i satsane som vil gjelde frå 01.08.2024.

Basert på statsbudsjettet for 2024 har Stortinget vedteke at makspris for barnehage i Vanylven kommune skal vere 1500 kroner pr mnd for 100% plass for 1 born.

Foreldrebetaling barnehage frå 01.08 2024

Foreldrebetaling barnehage frå 01.08 2024
Plass Ny sats barn 1 Ny sats barn 2 Ny sats barn 3
100% 1500,- 1050,- 750,-
80% 1275,- 893,- 638,-
60% 1050,- 735,- 525,-

I samsvar med tidlegare kommunale vedtak skal Vanylven kommune korrigere makspris etter regjeringa sine endringar i høve statsbudsjettet kvart år.
Utrekning av redusert sats er også i samsvar med tidlegare politiske vedtak


Søskenmoderasjon

Familiar med meir enn eitt barn i barnehagen får reduksjon i pris for søsken. Søskenmoderasjon gjeld for barn i både kommunal og privat barnehage som er busett i Vanylven kommune. Moderasjonen blir utrekna automatisk og du treng ikkje å søkje. Søsken må bu i same hushald for å få reduksjon i pris. Dersom søsken har ulik storleik på barnehagetilbodet, blir søskenmoderasjonen gitt til det barnet med minst barnehageplass. 

Det er 30 prosent reduksjon for barn nummer to, og 50 prosent reduksjon for barn nummer tre og vidare. 

Søknad om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid

Du må sjølv søkje om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid. Søknaden blir handsama ut ifrå hushaldet si samla inntekt. 

Du må søkje innan 15. juni for komande barnehageår.

Du kan søkje heile året, men må også rekne med ein månad handsaming av søknad og vedtak. Vedtak om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid gjeld som hovudregel for eitt barnehageår. Føresette må difor sende inn søknad kvart år, med ny dokumentasjon av inntekt. 

Søknaden om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid skal handsamast av den kommunen som barnet er folkeregistrert i. 

Søk om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid her

Redusert foreldrebetaling

Denne ordninga går ut på at ingen hushald skal betale meir enn 6 % av samla inntekt, for ein barnehageplass. Ein kan søkje om redusert foreldrebetaling dersom maksimalprisen for barnehageplass er høgare enn 6% av samla skattepliktig person – og kapitalinntekt for hushaldet der barnet bur.

Søk om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid her

Gratis kjernetid

Denne ordninga går ut på at alle 2-, 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, som bur i hushald med låg inntekt i Vanylven kommune, har rett på 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke.

  • Frå 01.08.2023 gjeld gratis opphaldstid for hushald med ei samla inntekt som er lågare enn 615 590 kroner per år, fastsett i statsbudsjettet for 2023.

Søk om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid her

Kommunal fakturaordning

Kommunen har fakturarutinar for dei kommunale barnehagane. Privat barnehage har eigen fakturaordning.

Nyttige lenkjer:

https://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/barnehage/foreldrebetaling/

https://www.regjeringen.no/no/tema/familie-og-barn/barnehager/innsikt/finansiering-av-barnehager/id2344788/

Artikkelliste

Kontakt

Sølvi Erviksæter Sjåstad
pedagogisk konsulent
E-post
Mobil 99 74 64 40