Markering av frigjerings- og veterandagen 8. mai

Markering av frigjerings- og veterandagen 8. mai

Det vert markering av frigjerings- og veterandagen 8. mai ved bysta av Ragnar Ulstein, utanfor Ulstein rådhus.

Ragnar Ulstein-monumentet vart avduka ved Ulstein rådhus i 2016. Ulstein Mannskor har sidan dette markert Frigjerings- og veterandagen årleg med seremoni og mannskorsong. 

8. mai vert arrangementet felles for alle kommunane på Søre Sunnmøre.

  • Dato: 8. mai 
  • Tid: 17.00–18.00
  • Stad: Utanfor Ulstein rådhus, Sjøgata 63, Ulsteinvik
Bysta av Ragnar Ulstein vart avduka i 2016, og står i parken mellom Ulstein kyrkje og Ulstein rådhus. Janne-Marit Myklebust

Ragnar Ulstein var krigsveteran, forfattar og krigshistorikar. Han intervjua mange tidsvitne, også dei som kom heim som veteranar. Ulstein har dokumentert godt korleis 2. verdskrig råka folk også frå vår del av landet. Utan Ulstein sitt grundige krigshistoriske arbeid kunne viktig historie frå vår nære fortid ha gått tapt.

Felles handlingsplan for veteranar

Kommunane på Søre Sunnmøre har no felles handlingsplan for veteranar, og eit slikt fellesarrangement vert vurdert som eit godt tiltak. Dei eldste attlevande veteranane hadde teneste i Tysklandsbrigaden og på Gaza-stripa.

Sjå handlingsplanen

Unge og unge vaksne er hjarteleg velkomne. Det vert tale frå russepresident.

Veteranar og pårørande frå Søre Sunnmøre er spesielt inviterte.  Arrangementet varer frå klokka 17.00–18.00 og er eit fellesarrangement for alle dei sju kommunane på Søre Sunnmøre. Kommunane, NVIO (Norges Veteranforbund for Internasjonale Operasjoner), avdeling Sunnmøre, og NROF (Norsk Reservistforbund) avdeling Søre Sunnmøre, støttar arrangementet.

Mot slutten av arrangementet vil områdesjef i HV, Hans Ole Låbakk, halde tale. I høve arrangementet vil militær æresvakt og veteranar vere oppstilt nær monumentet.