Veglys/Gatelys

Veglys/Gatelys

Har du oppdaga gatelys/veglys som ikkje virkar?

Dersom du ser feil på gatelys eller at lys i stolpen ikkje virkar, kan du sjølv gi melding via internett. 

Eviny Solutions AS har ei kartbasert løysing for feilmelding av veglys via internett der publikum sjølv registrerer melding om feil på veglys. 

Vanylven kommune har avtale med Eviny Solutions AS (tidlegare: BKK Enotek AS) om drift av eksisterande veglys. 

Eviny Solutions AS har ansvar for å skifte ut pærer i armatur. Av kostnadsmessige omsyn vert arbeidet med utskifting gjort samla og det kan føre til at stolpar vert ståande utan lys ei tid.

Du går inn og registrerar feil ved å klikke fram til gatelyset. Der ser du også om det er meldt om feil på det same gatelyset tidlegare og eventuelt status for feilretting. Kartet blir oppdatert fortløpande.

Klikk deg inn i kartløysninga for å melde frå om mørkt gatelys