Det må påvisast eit særleg behov. Behovet må ikkje ha samband med turkøyring og må ikkje kunne dekkast på annan måte. Det må vurderast om transporten samordnast med annan transport i området. Behovet vert vurdert mot mogelege skadar og ulemper ut frå målet om å redusere motorferdselen til eit minimum.
Aktuelle føremål kan vere: - Ervervsmessig transport - Transport av funksjonshemma - Transport av bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte som ligg minst 2,5 km frå veg, og der det ikkje er mogeleg å få leige transport - Materialtransport i samband med bygging/vedlikehald av bygningar i vanskeleg tilgjengelege område.