Kommunal veg

Kommunal veg

Graveløyve 

For graving i kommunal veg skal det søkast om løyve til kommuna. Om du skal grave på eigedommen din eller på andre sitt areal må du skaffe deg oversikt over kva ledningar som ligg i grunnen. Dette gjeld mellom anna vassleidningar, kloakkleidningar, straum og teleleidningar. 

Søknadskjema finn du her

Vegetasjonsrydding

Dersom du bur langs vegen og har hekkar og busker er det du som er ansvarleg for å halde dei nede slik det er god sikt ved vegkryss og ved tilkomst. Det er mange som også må krysse gang- og sykkelveg for å kjøre ut på bilvegen. Då er det spesielt viktig at hekkar, tred, eller gjerde ikkje hindrar sikta. 

Når du står fire meter inn i avkjørselen din skal du minst ha 20 meter fri sikt i kvar retning i langs gang- og sykkelvegen. Hekk og gjerde skal heller ikkje vere høgare enn 50 cm mot utkøyring. 

Kontakt

Helge Kleppe
avdelingsingeniør
E-post
Mobil 93 28 98 94