Vassmålar

Alle næringsbygg, driftsbygningar, offentlege bygg og kombinasjonsbygg er pålagde å ha vassmålar.

 

Kven kan få vassmålar?

Alle innbyggarar som er knytt til det offentlege avløpsnettet kan installere vassmålar.

Har du installert vassmålar?

Den kan du registrere her.

Kven installerer vassmålaren, og kven må betale for den?

Installasjon av vassmålar skal utførast av ein godkjend rørleggjar i samsvar med det til ei kvar tid gjeldande reglement.

Abonnenten må sjølv koste installasjon av vassmålar.

Slik les du av vassmålaren

Du kan nytte det elektroniske avlesningsskjemaet.