Kjeldesortering
I Vanylven kommune har vi tre sorteringar som er restavfall, papir og plast. Bustadar har fått sine eigne dunkar for dette: ein blå for papir og ein grå for restavfall.
Plastsekkar
Blanke sekkar til plastavfall kan du hente på servicetorget på Fiskå, eller på renovasjonsbilen.
Glas og metall
I dei fleste bygdene i Vanylven er det utplassert innsamlingsigloar til glas og metall.
Kart til desse vil du finne øverst på denne sida.
Miljøstasjonen på Lilleeide
Opningstid: Tysdagar kl:12.00 - 17:45 (stengt i romjula, ope i påska)
Vanylven kommune har ein miljøstasjon på Lilleide, Fiskå, som tek i mot grovavfall frå privatpersonar, gratis for inntil 3m³ pr. veke. Næringsdrivande kan levere mot avgift.
Prisar
Vi gjer oppmerksame på at dette er prisar utan mva.
Prisane er gjeldande frå 01.01.2023. Faktura for kommunale avgifter vert sendt ut to gongar pr år, i april og oktober. April gjeld for 1. halvår, oktober for 2. halvår.
Oppseiing/endringar
Dersom du vil søkje om endring av ordinær renovasjonsordning kan du gjere det ein gong i løpet av året. Søknadsfrist er kvart år den 30. juni og 31. desember.
Skjema finn du her
Returkartonglotteriet
Informasjon om returkartonglotteriet finn du her.