Kommunestyrevalet 2023 - innlevering av listeforslag

Alle parti eller grupper som ønskjer å stille til val ved kommunestyrevalet 2023, må levere listeforslag til valstyret innan 31. mars kl. 12.00.

Frist for innlevering av listeforslag til kommunestyrevalet 11. september er kl. 12.00 fredag 31. mars 2023. Listeforslaget med underskrifter kan enten leverast på papir til valstyret i Vanylven kommune eller elektronisk gjennom listeforslagportalen som er tilgjengeleg på Valgdirektoratet si internettside . Vanylven kommune oppmodar partia å nytte den elektroniske løysinga for å opprette listeforslag. Den elektroniske løysinga følger same regelverk og fungerer på tilsvarande måte som papirløysinga.

 

Krav og fristar til listeforslag

  • Listeforslaget skal ha ei oversikt som viser kva for eit parti eller gruppe forslaget kjem frå. Det er viktig at namnet på partiet ikkje kan forvekslast med etablerte parti. Registrerte parti skal bruke partiets registrerte namn i listeoverskrifta. Det er ikkje høve til å nytte eit anna namn som undertittel, heller ikkje lokalavdelinga sitt namn.
  • Kva val og valdistrikt lista gjeld for – Det skal gå fram av lista både type val og kva år som gjeld, til dømes «Kommunestyrevalet 2023 i Vanylven kommune».
  • Det skal oppførast minst 7 namn på lista og maksimum 27 namn totalt - det vil seie like mange kandidatar som det skal veljast kandidatar til kommunestyret : 21 pluss eit tillegg på 6 namn. Kandidatane skal vere oppført med fornamn, etternamn og fødselsår. 
  • For kommunestyre som har mellom 11 og 23 medlemmar kan inntil 4 av kandidatane få eit tillegg i sitt personlege røystetal på 25 % av talet på røystesetlar som lista får ved valet. Dei kandidatane som får eit slikt røystetillegg skal stå først på listeframlegget med utheva skrift. 
  • Listeframlegget skal underskrivast av 2 styremedlemmar i partiet si lokalavdeling. For andre forslagsstillarar og parti utan lokalavdeling må listeframlegget vere underskrive av 53 personar - det vil seie 2 % av dei 2649 røysteføre under kommunevalet i 2019.

Som tillegg til listeforslaget skal det leverast inn eit vedlegg med oversikt over følgjande:

  • ei oversikt over kandidatane sin fødselsdato 
  • ei oversikt over fødselsdato og bustadadresse til dei som har underskrive listeforslaget 
  • erklæring frå kandidaten om at vedkommande er valbar dersom kandidaten ikkje er innført i folkeregisteret som busett i kommunen når listeforslaget vert innlevert.  
  • dersom kandidaten ikkje er valbar pga. stilling, må det ligge ved ei erklæring om at vedkommande har slutta i stillinga når kommunestyret trer i funksjon.  

 

Fritak

Vallova § 3-4 omhandlar fritak for val til fylkesting og kommunestyre: (1) Rett til å kreve seg fritatt fra valg til fylkesting og kommunestyre har den som avgir skriftlig erklæring om at vedkommende ikke ønsker å stille til valg på den aktuelle valglisten. 

Dette inneber ein generell rett til å krevje seg friteken frå å stå på eit listeframlegg, noko som inneber eit fritak frå den generelle plikta til å stille til val (ombodsplikta). Den som søkjer fritak må levere ei skriftleg og signert erklæring innan fastsett frist der det går fram at ein ikkje ynskjer å stå på den aktuelle lista. Det ligg ikkje føre noko krav om å tilkjennegje eller fornekte politiske synspunkt.

 

Fristar

  • Frist for å levere listeforslag - 31. mars kl. 12.00
  • Frist for å trekke listeforslag - 20. april kl. 12.00

 

For fullstendig informasjon om kommunestyre- og fylkestingval 2023 kan du gå på internettsida til Valgdirektoratet Valg.no