Fredagspraten med Sonja Lade

Fredagspraten med Sonja Lade

Namn:

Sonja Merete Myklebust Lade

Alder:

43

Kvar jobbar du?

Fagkoordinator på servicetorget

Kva består din jobb i?

Jobben min består i å organisere den daglege drifta av service og arkiv, planlegging, oppfylgjing og utføring av oppgåver internt og eksternt.  Eg sit på  sentralbordet for Vanylven og Volda kommune, og jobbar 20% på arkiv. Elles har eg sakshandsaming av parkeringstillatelse for forflytningshemma, ledsagerbevis og andre administrative oppgåver. Ein vert litt “potet” i organisasjonen på ei slik avdeling, men eg trivest godt med å hjelpe andre i alle sektorar. Eg er CIM ansvarleg i beredskapsgruppa til kommunen, som inneber loggføring og rapportering både ved øvingar og reelle hendingar som t.d. pandemien vi har vore gjennom.

I tillegg har eg også ein støttefunksjon for ordføraren med varierte arbeidsoppgåver innanfor utføring og organisering av t.d. ulike tilstelningar.

Har jobba med mellom anna tv-aksjonen og veterandagen i mange år.

Ansatt i Vanylven sidan:

September 2011

Kva er den mest spesielle arbeidsdagen du har hatt?

Alle dagar på servicetorget er spesielle, både på godt og avogtil vondt. Vi er her for alle avdelingane internt i organisasjonen og innbyggjarane som ringer og kjem innom, og må derfor vite litt om alt. Ein må vere løysningsorientert, imøtekomande og kunne snakke med folk i alle aldrar og situasjonar. Det som gjer mest inntrykk er når ein sit med tunge samtaler med folk som ikkje har det så godt. Då er det fint å kunne utgjere ein skilnad i kvardagen for dei og hjelpe.

Kva er det beste med å jobbe i Vanylven kommune?

Trivsel står høgt på mi liste for det som er viktig på ein arbeidsplass.

Om du var ordførar for ein dag, kva ville du gjort?

Eg ville lagt til rette for born og ungdommar med utfordringar og fått til ein møteplass der dei kan utvikle interessene dei har.

Det er for dårleg kunnskap,kompetanse og tilrettelegging i Vanylven kommune pr i dag.