Fredagspraten med Silje Bjørneseth Hellebust

Fredagspraten med Silje Bjørneseth Hellebust

Namn: Silje Bjørneseth Hellebust

Alder: 36 år

Kvar jobbar du ?
Dokumentsenteret på rådhuset

Kva består din jobb i ?
Eg og Silje Riborg har eit tett samarbeid på dokumentsenteret, der vi
bemannar kommunen sitt postmottak papir og digitalt, har kontroll i saksbehandlingssystem Acos, kontrollerar/journalfører posten, og elles held orden i arkivet til kommunen.      

Ansatt i Vanylven sidan : 2018

Kva er den mest spesielle arbeidsdagen du har hatt ?

Eg har ingen eksakt dag, men eg syns valdagen i 2019 var ganske spennande.

Kva er det beste med å jobbe i Vanylven kommune ?

Det beste med å jobbe i Vanylven er at eg har fått utbetra kunnskapen min på forskjellige områder og har fått mykje varierte arbeidsoppgåver som gjer at trivselen er stor. Leiarane i kommunen legge stor vekt på kompetanseutvikling, som igjen fører til utfordring og meistring.
I tillegg er felleskapet og samhaldet i kommunen veldig bra.

Kva er det verste med å jobbe i Vanylven kommune ?

Det verste med å jobbe i Vanylven må vere at vi har begrensa med ressursar.

Om du var ordførar for ein dag, kva ville du gjort ?

Då ville eg ha prioritert fleire gang- og sykkelvegar og forbetre tilbodet på kollektivtransport til og frå heile kommunen.