Fredagspraten med Karoline Lundås

Fredagspraten med Karoline Lundås

Namn:

Karoline Lundås

Alder:

33

Kvar jobbar du?

Eg jobbar som avdelingsleiar i heimebasert omsorg.

Kva består din jobb i?

Jobben min består av å leie drifta av heimebaserte tenester i heile kommuna, har kontor på omsorgssenteret på Fiskå og nokre dagar ved Syvdetun, samt ansvar for brukarstyrte personleg assistentar. Eg har økonomi og personalansvar for avdelinga. Kvardagen består i varierte oppgåver som planlegging av dagane, med bemanning, utarbeide turnusar, lage arbeidslister saman med tilsette, sørge for at brukarane får gode tenester og at dei tilsette har det bra på arbeidsplassen. Kontrollerer lønn og faktura for avdelinga mi. Eg jobbar også med å rekruttere personell til ledige stillingar og jobbar med tilsettingsprosessar frå utlysing av stilling til tilsetting både for faste tilsette og vikarar.

Eg har rolle som ressursperson i turnusprogrammet Shift Manager og bistår andre avdelingar dersom dei har spørsmål.

Er utdanna sjukepleiar og hjelper til med sjukepleier faglege oppgåver dersom det er naudsynt.

Ansatt i Vanylven sidan:

2016

Kva er den mest spesielle arbeidsdagen du har hatt?

Det er nesten vanskeleg å svare på, for det er mange spesielle dagar på godt og vondt. Dagar der heimebasert omsorg får skryt for jobben dei gjer og innbyggarane som nyttar tenestene våre er fornøgde, er spesielt bra

Kva er det beste med å jobbe i Vanylven kommune?

Det beste med å jobbe i Vanylven kommune er at eg har fantastiske kollegaer som står på døgnet rundt for at vi skal levere tenester til innbyggarane. Det er eit godt miljø og eit samhald eg meiner ein kanskje ikkje opplever i større organisasjonar. Det er varierte dagar med interessante oppgåver  der ein heile tida lærer noko nytt. Det er ei lita kommune med korte linjer mellom «toppen og golvet» som eg ser som positivt. Når ein bur i kommuna er det er kort veg til jobb, så ein slepp å bruke mykje tid på pendling.

Sist men ikkje minst er det bra å jobbe i Vanylven fordi det er så flott natur, som gjev mange moglegheiter på fritidaJ

Kva er det verste med å jobbe i Vanylven kommune?

Det verste med å jobbe i Vanylven, i alle fall i min jobb, er at det er utfordrande å ha tilgang til nok medarbeidarar for å jobbe i tenestane. Det er ei lita kommune som ligg litt utfor allfarveg og det er alt for få yngre og arbeidsaktive her, og utfordrande å rekruttere nok personell.

Om du var ordførar for ein dag, kva ville du gjort?

Hadde eg vore ordførar så skulle eg prioritert å laga ei fantastisk rekrutteringspakke til helsepersonell som jobbar i kommuna!

Og prioritert å kjøpe nye bilar til heimebasert omsorg.