Fredagspraten med Heidi Hatløy Tandberg

Fredagspraten med Heidi Hatløy Tandberg

  Namn: Heidi Hatløy Tandberg

Alder: 25 år

Kvar jobbar du?
Eg jobbar i Vanylven kommune sin teknisk sektor. Eg har stilling som ingeniør, arbeidsleiar og hamnesjef.

Kva består din jobb i?
Jobben min består i ein svært variert kvardag. Som ingeniør utfører eg blant anna teiknearbeid for kommunen, f.eks oppdatering av bygningane sine planteikningar og rømningsplanar. Eg er også med på å planlegge mindre prosjekt som skal utførast på dei kommunale bygingane og tekniske installasjonane. Eg har våre med på å innføre den nye digitale avvikssystemet som driftsteknikarane brukar på bygga og passar på at dei som bruker denne tenesta har fått opplæring. 

Som arbeidsleiar har eg ansvaret for å koordinere drifta og vedlikehaldet av dei kommunale bygningane og tekniske installasjonane. Her har eg eit team med ni driftsteknikarar som er med på å utføre oppgåvene som blir planlagt og behandle dei avvika som vi får inn. Nokon gongar er også eg med ut og utfører oppdrag eller skaffar informasjon som driftsteknikarane treng. Dette kan være alt ifrå å ordne ein tett vask, til å koordinere mannskapet ved vasslekkasjer.

Er er også med å drifte miljøstasjonen, der eg passar på at containerane er tome til neste opningsdag og passar på at vi får levere spesialavfallet når det trengs. Det er også mi oppgåve at informasjonen driftsteknikarane har på plassen er oppdatert til ei kvar tid.

Som hamnesjef har eg ansvaret for at kommunen sine hamner er i god stand og at kommunen sitt hamneområde er fri for fare. Samtidig må eg også passe på at hamnene våra følger lover, regler og bestemmelsar som er pålagt. Eg har også ansvaret for vedlikehaldet på hamnevesen-båten og at den er  operativ til ei kvar tid.

Ansatt i Vanylven sidan:
Måndag 26.06.2017

Kva er den mest spesielle arbeidsdagen du har hatt?
Vi har nylig hatt ein driftsteknikar som har pensjonert seg og det var veldig spesielt siste arbeidsdagen å tenke på at i morgon jobbar ikkje denne personen her lenger.

Kva er det beste med å jobbe i Vanylven kommune?
Det er veldig positivt å ha så mange trivelige kollegaer rundt meg, som er mulig å få både gode råd med, få støtte i vanskelige situasjonar og ikkje minsk kunne prate både jobb og privat med.

Kva er det verste med å jobbe i Vanylven kommune?
Det er ei stor utfordring at så mykje av kommuna sine bygg og tekniske installasjonar er spreidd utover eit stort areal, slik at det til tide kan gå mykje tid å forflytte seg i løpet av en dag. Samtidig blir det vanskeligare å ha ei god oversikt over alt på ein gong.

Om du var ordførar for ein dag, kva ville du gjort ?
Eg ville prøvd å få politikarane til å sjå dei positive sidene med å sentralisere spesielt ungdomsskulane og bassenga, for å lettare kunne ha gode skulebygg som har gode inne- og utemiljø både for barna og dei som skal drifte og vedlikehalde dei.