Fredagspraten med Elling Flister Namn: Elling Flister Alder: 31 Kvar jobbar du ? Teknisk sektor Publisert 28.02.2020 11:27 Sist endra 28.02.2020 16:02 Kva består din jobb i ? Oppmåling, saksbehandling, registrering og ajourhald av kart og matrikkel Ansatt i Vanylven sidan: Nyleg ansatt, sidan 05.12.2019 Kva er den mest spesielle arbeidsdagen du har hatt ? Det må vere den siste dagen eg hadde i Ørsta kommune før eg starta i Vanylven. Det er spesielt å ha siste arbeidsdagen hos ein arbeidsgivar etter om lag fire og eit halvt år, og ikkje skulle tilbake. Ørsta kommune har i ettertid leigd meg inn 20 % for ei periode, slik at overgangen har vore noko mjukare enn først venta. Kva er det beste med å jobbe i Vanylven kommune ? Å jobbe saman med kjekke folk, samt å få oppleve heimkommuna mi frå kontorvindauge og ute i marka. Kva er det verste med å jobbe i Vanylven kommune ? All tida eg brukar på å pendle. Om du var ordførar for ein dag, kva ville du gjort ? Nei, kva rekk ein å få utretta på ein dag? I desse tider måtte eg vel ha gravd etter pengar for å få orden på budsjetta.