Skulestart

Skulestart

I Vanylven har vi tre skular, Åheim barne- og ungdomsskule, Myklebust barne- og ungdomsskule og Fiskå skule. Meir informasjon om kvar enkelt skule finn du på heimesida på den enkelte skulen si fane.

Innskriving i skulen

Innskrivinga vert som oftast gjennomført i perioden mellom vinterferie og påskeferie. Føresette til nye fyrsteklassingar vil verte kontakta av den skulen som dei høyrer til i forhold til skulekrinsane. Dei vil få ein skrifteleg invitasjon til innskriving på sin nærskule.

 Vanylven kommune hentar informasjon frå folkeregisteret om bustadadresser til alle 6-åringar i kommunen. I nokre avgrensa områder i kommunen er det to skular innanfor same krins, slik at føresette har eit val om kva skule eleven skal høyre til. Dette gjeld Sylte krins og Åram krins.

Er du nytilflytta til Vanylven kommune med ein 6-åring som ikkje har gått i nokon av barnehagane våre, kan det vere lurt å ta kontakt med oppvekstkontoret og nærskulen til 6-åringen i god tid før skulestart. Det kan ta litt tid før oppvekstkontoret får oppdatert informasjon om familiar som har flytta hit. Spesielt i sommarmånadane.

SFO

Treng du SFO til din 6-åring ved skuelstart? Då finn du søknadsskjema her. Du kan søkje SFO plass på den skulen eleven har fått skuleplass. Du treng kun å søkje ein gong – ved ynskje om ny plass. Deretter beheld eleven SFO plassen sin til han/ho er ferdig i 4. klasse. Endring av eksisterande plass gjer du ved å kontakte SFO leiar eller rektor på skulen. Søknadsfrist for SFO er 15. April.

 

Søknadskjema finn du her