Korleis søke SFO plass?
Alle skal søkje elektronisk via linken som de finn under.
Søknadsskjemaet krev innlogging med id-porten. Dersom du ikkje har id-porten, eller er folkeregistrert i anna kommune, må du ta kontakt med servictorget , Tlf 700 30 000.
Søknadsfrist er 15. april.
Svar på tilbod om SFO plass
Føresette vil få ein SMS med stadfesting om tildelt plass på SFO. Vi ber om at de svarar på om de tek imot plassen eller ikkje innan 7 dagar. De finn linken her og må logge inn med Bank-ID. Dei som ikkje har Bank-ID må ta kontakt med rektor på sin skule.
Endring av plass
Påmelde til SFO kan endre plass etter avtale med skulen, både opp og ned i storleik. Avtale om endring kan gjelde frå neste heile månad, dvs frå den første i månaden etter at endringa er stadfesta frå skulen.
Ta kontakt med SFO leiar eller rektor ved skulen
Publisert 19.02.2021 13:34
Sist endra 19.02.2021 13:34