Vigilo - Digital kommunikasjon

Vigilo - Digital kommunikasjon

Frå 1. august 2023 tok Vanylven kommune i bruk Vigilo til digital kommunikasjon mellom heim og barnehage, skule og SFO.

Vigilo

Kva er Vigilo?

Vigilo er eit komplett oppvekst- og administrasjonssystem (OAS) som skal dekke behova oppvekstsektoren har for å kunne administrere barnehagar, skular og SFO.

I Vigilo kan kommunen ta imot søknader om barnehageplass og SFO-plass, søknader om redusert betaling og fakturahandtering.

Kommunale skular bruker Vigilo til administrasjon av skulekvardagen, som til dømes plassering av elevar, timeplanar, fråværsregistrering, karakterar og vitnemål.
 

Digital kommunikasjon

Kommunikasjonsmodulen er ein eigen del av Vigilo som vert nytta for digital kommunikasjon mellom heim og barnehage, skule og SFO.

Kommunikasjonen i Vigilo går føre seg bak innlogging, og erstattar mindre sikre kommunikasjonsplattformer som e-post, SMS og ranselpost. Ved å bruke ei lukka løysing er kommunen i stand til å behandle personopplysningar på ein forsvarleg måte, og bidreg også til å sikre at dei tilsette kan halde teieplikta (forvaltningslova § 13).

Korleis ser Vigilo ut
Behandling av personopplysningar
Kva rettar har du?
Innsyn i personopplysningar (personvernforordninga artikkel 15)
Retting av personopplysningar (personvernforordninga artikkel 16)
Sletting av personopplysningar (personvernforordninga artikkel 17)
Avgrensa behandling av personopplysningar (personvernforordninga artikkel 18)
Protest mot behandling av personopplysningar (personvernforordninga artikkel 21)
Klage
Kontakt

 

Treng du hjelp med det tekniske? Kontakt Vigilo | Hjelpesenter.

 

Korleis kome i gang?

Du har tilgang til kommunikasjon og informasjon gjennom Vigilo foreldreportal og Vigilo app.

Vigilo foreldreportal

Du loggar deg inn i Vigilo foreldreportal via ID-porten, på sida https://www.vigilo.no/vanylven/.

Foreldreportalen er tilgjengeleg både på PC og i nettlesar på smarttelefon eller nettbrett, men bruk helst appen for smarttelefon (sjå under).

Sjå også hjelpeartikkel for innlogging i foreldreportalen i Vigilo hjelpesenter.

Vigilo app

Vigilo app er eit alternativ til foreldreportalen på nett. Du lastar ned appen gratis på App Store (iOS), Google Play (Android) eller App Gallery (HarmonyOS).

Første gongen du loggar deg inn gjer du det via ID-porten. Du må då opprette ei firesifra PIN-kode som du skal bruke når du loggar deg inn neste gong. Alternativt kan du aktivere biometrisk innlogging.

Sjå også hjelpeartikkel om nedlasting og innlogging i Vigilo app i Vigilo hjelpesenter.