Ein vil fortsatt bli fakturert for noko materiell, samt instrumentleige. For visuell kunst må ein rekne med utgifter til materiell (150 kr), spelebøker og notar til musikkundervisning kjem også i tillegg. Kulturskulen kjøper inn materiell og fakturerer foreldra.
Korpset krevjer så inn kontingent etter eiga ordning og ein får låne instrument der. Ta kontakt med korpset i ditt nærmiljø for å høyre korleis deira ordning er.
Kulturskulen har nokre få fiolinar og trekkspel til utleige. Leiga er kr. 400,- pr. halvår. Dei som vil leige instrument veljer det i søknadsskjemaet. Alle andre instrument må elevane halde sjølv. Ein må ha instrument heime for å kunne øve. Gitar og andre instrument som kan berast skal vere med på timane.
VILKÅR
Søknadsfristen er 20. APRIL 2023. Ein plass i kulturskulen er bindande og må seiast opp skriftleg. Frist for å seie opp plass for vårsemesteret er 15. desember.
NB! NYTT FRÅ 2021:
For haustsemesteret må oppseiing gjerast i samband med søknadsfrist for nytt skuleår.
UNDERVISNING
Undervisningstida i musikk er på 38 veker, 17 i hausthalvåret og 21 i vårhalvåret. Deltaking på ein konsert vert rekna som ein undervisningstime. Ved bortfall av meir enn tre undervisningsdagar pr år vil kulturskulen gje reduksjon i elevbetalinga, eller på annan måte erstatte manglande undervisningstid. Elevane får undervisning 1/3 time (20 min) pr. veke, eller ½ time (30 min) pr. veke i enkelte grupper. Undervisninga er organisert i grupper med 2-3 elevar i kvar gruppe, eller for nokre instrument enkeltvis.
Dans: I gjennomsnitt 45 min pr veke i gruppe, men kan også periodevis vere meir eller mindre. Teater 1,5 time pr gruppe. Visuell kunst: 1,5-2 t pr gruppe pr veke.
SKULESTART
Undervisninga vil ta til i veke 34.
ANDRE REGLAR
Kulturskulen gjev undervisning ved hjelp av offentlege midlar. Dette medfører eit ansvar for eleven om korleis undervisninga han/ho får vert nytta.
Reglar for elevane vedtekne av kultur - og oppvekststyret i Vanylven:
Elevavgifta blir innkravd for eit halvt år om gongen. Denne vert ikkje refundert utan ved lengre tids sjukdom (meir enn fire veker) eller ved flytting frå kommunen.
Elevane må møte presis og godt førebudde til timen. Sjukdom eller annan gyldig grunn til fråver skal, om mogleg, på førhand gjevast melding om til lærar eller til rektor. Eleven kan ikkje få forsømde timar tilbake.
Dersom instrument som kulturskulen eig vert påført skade, skal dette straks meldast til rektor. Dersom skaden skuldast hærverk/dårleg behandling, må elevane sjølve betale for reparasjonen.
Ved gjentekne fråver etter kvarandre utan melding, ved manglande interesse for skulearbeidet, eller av disiplinære årsaker, kan lærar, etter samråd med rektor, vise bort elevar frå undervisninga.
Søkje plass i kulturskulen? Trykk her.