Du søkjer elevplass for skuleåret 2023/2024 ved å fylle ut
dette skjemaet.
Søknadsfrist er 20. april 2023 for neste skuleår.
Ein plass i kulturskulen er bindande og må seiast opp skriftleg. Frist for å seie opp plass for vårsemesteret er 15. desember.
NB! NYTT FRÅ 2021:
For haustsemesteret må oppseiing gjerast i samband med søknadsfrist for nytt skuleår.
Informasjon om prisar og vilkår finn du her.
For aktive elevar
Dei som alt har plass i kulturskulen må registrere seg i kulturskulen sitt datasystem (Speedadmin).
Der må søkjarane legge inn informasjon om seg sjølv og føresette. Deretter kan du stadfeste om du vil halde fram i det komande skuleåret eller om du vil avslutte til sommaren.
Følg denne lenkja.