Særskilte miljøtiltak i jordbruket

Særskilte miljøtiltak i jordbruket

SMIL-tilskot og dreneringstilskot 2023

Dette er ei tilskotsordning for tiltak i kulturlandskapet og mot ureining frå landbruket.

Kva er SMIL-midlar?

Særskilte miljøtiltak i jordbruket har som formål å fremje natur- og kulturminneverdiane i jordbrukets kulturlandskap, og redusere ureininga frå jordbruket. Tilskotet er for tiltak som går ut over den vanlege jordbruksdrifta.

Kommunen får om lag 300 000 kr årleg som skal fordelast til gode tiltak.

Lokale mål for ordninga

  • Gje muligheit til auka jordbruksproduksjon
  • Motverke attgroing og tap av biologisk mangfald
  • Fremje beitebruk
  • Redusere risiko for erosjon og overflateavrenning til sårbare vassdrag
  • Hindre ureining frå jordbruket frå areal, fòr- og gjødsellager
  • Hindre forfall og sette i stand eldre, verneverdige  bygningar
  • Ta vare på viktige kulturminne og kulturmiljø, og andre element i kulturlandskapet.
  • Tilrettelegging for ferdsel og opplevingar i kulturlandskapet.
  • Fjerne piggtråd frå inn- og utmark

Kven kan søke?

Søkjar kan vere eigar eller drivar av aktive gardsbruk.

«Strategiplan 2021 – 2024 (PDF, 913 kB)» inneheld lokale mål, prioritering av tiltak og satsar for ordninga.

Korleis søkjer du?

Det skal nyttast digitalt søknadsskjema som ein finn på landbruksdirektoratet.no

Søknad (krev innlogging): https://www.altinn.no/skjemaoversikt/landbruksdirektoratet/tilskudd-til-spesielle-miljotiltak-i-jordbruket-smil/

Søknadsfrist for 2022 er 1. april


Søknader som kjem inn til fristen vil ha 1.prioritet. Søknader som kjem inn etter fristen vert handsama dersom ein har ledige midlar etter hovudtildelinga. Dersom ikkje alle midlane vert løyvd, kan ein ha ein ny søknadsfrist på hausten. Om ein ikkje har nok midlar vil søkjar få avslag, og ein må eventuelt søkje på nytt neste søknadsomgang. Søknaden skal ha nødvendige vedlegg som kart, teikningar, bilete, avtalar, fagleg vurdering m.m. Ved behov vert det teke synfaring.

Kontakt vår landbruksrådgjevar, Randi Aarønæs dersom du vil søkje SMIL-midlar.

Meir om regelverket

Kva kan du søkje om?

Kulturlandskapstiltak/biologisk mangfald:

  • Fjerning av skadelege artar og ekstra nedkjemping av ugras, ivareta biologisk mangfald.
  • Rydding og gjerding som fremjar beiting av gamal kulturmark.
  • Renovering av kulturminne/-miljø (sjå kulturminneplanen «Kulturarv»)(eks. steingardar, gamle tun)
  • Restaurering av verneverdige bygg i inn- og utmark (sjå kulturminneplanen «Kulturarv»)
  • Tilgjenge/opplevingskvalitet (eks stiar, gamle vegfar, stiar, klopper, vad, bruer, rasteplassar, utsikt)
  • Fjerning av piggtråd

Tiltak mot ureining:

  • Hydrotekniske tiltak (Eks. Reparasjon av øydelagte kummar og rørutløp, opning eller renovering av lukka bekker/kanalar, reparasjon av avskjeringsgrøfter, sikringstiltak som flomsikring og plastring av mindre vassløp, behov for auka kapasitet og liknande tiltak. Tiltaka kan gjennomførast på jordbruksareal og/eller i vassløp. Det gjeld ikkje tiltak som er ein del av større dreneringsarbeid (eiga tilskotsordning).
  • Vegetasjonssoner/klimaplantingar/leplanting
  • Lagerplass for rundballar
  • Mindre utbetring av gjødsellager (eks tak på utelager)
  • Fangdam/reinseanlegg
  • Oppsamling av avrenning av utekve
  • Oppsamling av jordbruksplast 

Planleggingstiltak

  • Områdetiltak og andre fellestiltak

Ved prioritering av søknadane vil kriteria nedanfor vere avgjerande:

  • Fellestiltak går framfor enkelttiltak
  • Tiltak som vil auke jordbruksproduksjonen
  • Tiltak som gir størst nytte og ringverknad
  • Ved rydding/skjøtsel av gamal kulturmark vert areal som ikkje får produksjonstilskot prioritert framfor areal som allereie får produksjonstilskot
  • Ferdselstiltak i jordbruket sitt kulturlandskap vert prioritert framfor ferdselstiltak i utmark.
  • Tiltak med klimaeffekt har prioritet (sjå klimaplanen i kommunen)
  • Verneverdige bygningar og andre tiltak som er med i kulturminneplanen for Vanylven blir prioritert.
  • Ved prioriteringa skal ein også vurdere verdien på tiltaket utifrå naturmangfaldlova
  • Det vert normalt ikkje gitt SMIL-tilskot til innkjøp av maskiner eller anna laust teknisk utstyr

Kontakt

Randi Aarønæs
rådgjevar landbruk
E-post
Mobil 91 55 90 27