Kulturmidlar

Kulturmidlar

Frivillige lag og organisasjonar kan no søkje kulturmidlar. Søknadsfrist er:  01.05.2024.

For seint innkomne søknadar vert ikkje vurderte.

Søknaden skal innehalde desse vedlegga: referat frå årsmøte / årsmelding og rekneskap for føregåande år.

Kulturmidlar - søk om tilskot 

Kven kan få tenesta?

Personar, organisasjonar, foreiningar, lag og organisasjonar som driv eller vil starte kulturverksemd i Vanylven kommune.

Kva kostar det?

Det er gratis å søkje kulturmidlar. 

Korleis søkjer du?


Du kan søkje på seks forskjellige tilskotsordningar:

  1. Tilskot til drift av lag og organisasjonar
  2. Oppstartstilskot – fast tilskot på kr. 2.500,-
  3. Tilskot til forsamlingshus.
  4. Tilskot til enkelttiltak/arrangement
  5. Tilskot til kursdeltaking og leiaropplæring
  6. Tilskot til enkelttiltak og arrangement som går i underskot. 

Legge ved nødvendig dokumentasjon ut frå retningslinjene. 

Retningslinjer for tildeling av kulturmidlar finn du her. (DOC, 39 kB) 

 

Søknadsfrist er 01.05.2024.

Søknaden skal leverast på elektronisk skjema på Vanylven kommune sine heimesider under kultur og fritid, Kulturmidlar - søk om tilskot .

 

Når kan du vente svar?

Har du med alle naudsynte opplysningar og dokumentasjon i søknaden, vil søknaden verte handsama innan rimeleg tid.

 

Dersom du har spørsmål ang søknadsprosessen kan ein kontakte:

Konsulent - kultur og oppvekst, Veslemøy Ervik

Mob: 915 30 249

E.post: veslemoy.ervik@vanylven.kommune.no