Kulturminneplanen finn du her (PDF, 14 MB).
Handlingsplanen finn du her (PDF, 50 kB).
Ein kulturminneplan er eit nyttig verkty i arealforvaltinga og byggesakshandsaminga i kommunen, og den gir større føreseielegheit for grunneigarar, utbyggarar og andre. Ein kulturminneplan er også viktig for å løyse ut tilskot til vedlikehald og restaurering av kulturminne. Einskildobjekt og kulturmiljø som i planen er identifiserte til å ha lokal verdi, vert prioriterte ved tildeling av offentlege kulturvernmidlar, men også private. Ein kulturminneplan er kommunen sin oversikt over viktige kulturminner og kulturmiljø og inneheld ein plan for forvaltninga av desse. Planen gir kunnskap om fortida og avklarar kva kulturminner ein vil ta vare på i framtida. Det er kommunene sjølv som definerer kva kulturminner og kulturmiljø som er verneverdige i kommunen og som bør inngå i planen.
Arbeidet med å samle inn objekter til kulturminneplanen går mot slutten.
Innsamling av objekter har vært gjort i samarbeid med sogelaga i kommunen. Det har vært arrangert feltreise med Møre og Romsdals fylkeskommune, ope møte med innbyggarane, og invitert til innspel via e-post til kulturkonsulent.
Dersom ein ønsker tilskot til vedlikehald og restaurering av kulturminne er det viktig å være med i kulturminneplanen. Einskildobjekt og kulturmiljø som i planen er identifiserte til å ha lokal verdi, vert prioriterte ved tildeling av offentlege kulturvernmidlar, men også private.
Arbeidslista over objekt som er med finn du her (PDF, 922 kB).