Forvaltningskontoret

Forvaltningskontoret for helse- og omsorgstenester og koordinerande eining

 

Forvaltningskontoret er vegen inn til kommunen sine helse- og omsorgstenester. Kontoret tek i mot og behandlar søknader, samt gjev informasjon om de ulike tenestene og om korleis du søker.

Forvaltningskontoret for helse- og omsorgstenester

Kommunane skal sørge for gode og forsvarlege helse- og omsorgstenester til alle som treng det, uavhengig av alder eller diagnose. Eit forvaltnigskontor er i praksis éi dør inn for alle henvendelsar til kommunale helse- og omsorgstenester.

Kvifor treng vi det?

Ved å samle all tenestetildeling på eit kontor, er målet å auke kvaliteten på saksbehandlinga, sikre lik tildelingspraksis og bidra til lik tilgang på helse- og omsorgstenester for alle, (barn, unge, vaksne, eldre og pårørande).

Forvaltningskontoret kan gje informasjon og rettleiing om tenestene og hjelpe deg med å søke om tenester.

Opent alle kvardagar frå 9- 15.

Koordinerande eining

I Vanylven kommune er det forvaltningskontoret som er koordinerande eining for individuell plan og koordinator. Vi har ansvaret for at du som har behov for langvarige og koordinerte tenester, opplever heilheit og samanheng i tenestene.

 

Kontaktinformasjon

Telefon: 70030000
Telefonen er betjent kvardagar mellom kl. 09:00 – 15:00

Postadresse og besøksadresse:
Vanylven rådhus

Forvaltningskontoret

Rådhusvegen 1

6143 Fiskå