FysioterapiFysioterapeuten hjelper deg til å vedlikehalde eller betre funksjonsevne, deltaking og aktivitet. Kven kan få tenesta? Kommunefysioterapeuten gir tenester til alle innbyggarar i Vanylven kommune. Kva omfatter tilbodet?Tilbodet kan omfatte individuell fysioterapivurdering og behandling, rehabilitering, gruppetilbod, hjelpemiddelformidling og rettleiing til pårørande og tilsette i barnehage, skule og institusjon.Kva kostar det?For barn under 16 år, brukera på instutisjon og pasientar med yrkesskade er det gratis. Elles er det eigenandel for tenesta. Fysioterapeuten vil informere om gjeldande satsar.Korleis får du tenesta/korleis søkjer du?Du kan ta direkte kontakt med fysioterapeuten, eller bli tilvist vidare frå til dømes fastlege, sjukehus, helsestasjon, NAV eller institusjon.Når kan du vente svar?Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan 3 veker. Kontaktinformasjon:Besøks-/postadresse:v/Vanylven helse- og omsorgssenter inngang Vårsol6143 Fiskå.Erik Botnmark, 941 22 836Ingunn Botnmark, 919 93 261Silje Marita Vallestad, 919 95 346 Vanylven Fysioterapi og medisinsk treningsterapi,Helsetun6140 Syvdetlf.: 700 23 352Bernt ThueAnne Sætrenes Hellebust Publisert 22.12.2021 08:38 Sist endra 21.06.2024 13:50