Individuell plan

Individuell plan er eit samarbeidsdokument som skal bidra til eit meir heilskapeleg tenestetilbod i kvardagen. 

Kva er ein individuell plan?

Individuell plan er ei oversikt over dei ulike tenestene du får. Du får også ein koordinator, som blir din kontaktperson. Koordinator kan hjelpe deg med å samordne tenestene du har vedtak om.

Kvar kommune er lovpålagt å ha ei koordinerande eining, som har overordna ansvar for arbeidet med individuell plan, og for oppnemning, opplæring og rettleiing av koordinatorar.

Kven kan få individuell plan?

Du kan få individuell plan dersom du har ulike helseutfordringar, og du mottek tenester over ei lengre periode.

Her kan du lese meir:

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Korleis søkjer du? 

Du søkjer ved hjelp i dette skjemaet. (PDF, 274 kB) (PDF, 38 kB)

Når du søkjer om individuell plan får du medverke i val av koordinator.

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.

Kontakt

Magni Vildalen
avd leiar
E-post
Mobil 480 43 273