Kompensasjonsordning for avlyste og utsette arrangement

Stortinget har vedtatt kompensasjonsordning for tap av billettinntekt og deltakaravgift for kultur, frivillegheit og idrett. Den nye kompensasjonsordninga for kultursektoren vil utgjere ca. 300 millionar kroner, ordninga forvaltas av Kulturrådet. Kompensasjonsordninga for idretten og frivillegheita er satt til ca. 600 millionar kroner og forvaltas av Lotteri og stiftelsestilsynet.

Formål

  • Ordninga er meint å kompensere for bortfall av inntekter frå billettsal og deltakaravgifter, i tillegg til meirutgifter som følgje av at arrangement må avlysast eller utsetjast som følgje av pålegg eller råd gitt av myndigheitene i samband med COVID-19-utbrotet.  
  • Ordninga gjeld for arrangement som skulle ha vore arrangert i Møre og Romsdal mellom 07. mai til 15.juni 2020.  

Kven kan søke? 

  • Arrangørar innanfor idrett, kultur og frivilligheit i Møre og Romsdal, registrert i Enhetsregisteret eller Frivilligregisteret før 12. mars 2020 

Kva kan ein søke støtte til?  

  • Arrangement som var planlagt arrangert i Møre og Romsdal i perioden 07.05.-15.06.20  
  • Arrangement som ville ha vore ope for allment publikum 
  • Netto tapt billettinntekt og netto tapt deltakaravgift som følgja av at arrangementet vart avlyst eller utsett 
  • Meirutgifter som følgja av at arrangementet vart avlyst eller utsett  
  • Dokumenterte innkjøp av mat og alkoholfri drikke 

Det blir ikkje gitt støtte til:

  • Tapt billettinntekt, deltakaravgift og meirutgifter som har eller kan dekkast av arrangøranes forsikringsordning, avtaler mv. eller offentleg kompensasjon utanfor denne ordninga
  • Kostnadar som er del av ordinær drift 
  • Tapte nettoinntekter på sal av mat og drikke
  • 17 mai-arrangement  
  • Arrangement som blir tilpassa dei til ei kvar tid gjeldande retningslinjene frå helsemyndigheitene og gjennomført i perioden 07.05.-15.06.20

Nyttige lenkjer

  • https://mrfylke.no/tilskot-prisar-og-stipend/tiltakspakke-for-kulturprosjekt-i-koronatida/kompensasjonsordning-for-avlyste-og-utsette-arrangement