Frisklivssentralen

Frisklivssentralen

Frisklivsentralen er eit tilbod kommuna gir til deg som ynskjer å endre levevaner knytt til fysisk aktivitet, ernæring, tobakkslutt og stressmestring.

Kva er frisklivsentralen?

Første møte går med til å gjennomføre ein "helsesamtale", der du og frisklivsrettleiar kartlegger kva endringar du ynskjer. Deretter blir det lagt ein plan for vidare forløp (frisklivsplan). 

Etter 16 veker, vil vi gjennomføre ein ny helsesamtale der vi tek opp status og legg til ein plan for vegen vidare.

Du kan lese meir om frisklivssentralen på helsedirektoratet sine nettsider.



Kven kan bruke frisklivssentralen?

Du treng ikkje vere sjuk eller ha ei diagnose for å delta. Det er eit lavterskeltilbod med forkurs på å forebygge. Målgruppa er personar som har behov for å endre levevaner på grunn av auka risiko for sjukdom, eller for deg som allereide har utvikla ein sjukdom. 

 

Kva kostar det?

Frisklivsresepten varer i 16 veker og kostar 300,-.

 

Korleis søkjer du?

For å delta må du ha ein frisklivsresept. Denne kan du få av fastlegen, NAV, anna helsepersonell (t.d. fysioterapeut, kiropraktor).

Du kan også ta direkte kontakt med frisklivssentralen for å få ein resept, eller ein uformell prat.

 

Frisklivsrettleiar: 

Ingunn Botnmark
Telefon: 70030136
Mobil: 94147590
Adresse: Vårsol, Fiskå
Mail: frisklivssentralen@vanylven.kommune.no eller ingunn.botnmark@vanylven.kommune.no