Miljøretta helsevern er ein av faktorane i miljøet som til ei kvar tid kan ha direkte eller indirekte innverknad på helsa. Les meir om miljøretta helsevern her, i kap.3. Ansvaret for smittevern og miljøretta helsevern er delegert til kommuneoverlegen. Kommuneoverlegen er medisinskfagleg rådgjevar og har det samfunnsmedisinske ansvaret i kommuna.
Grunnlagsdokument
Vanylven kommune har eit skriftleg oversiktsdokument som vert oppdatert kvart fjerde år som kunnskapsgrunnlag for planstrategien til kommunen.
Folkehelseoversikta 2020 - Grunnlagsdokument til kommunal planstrategi 2020-2024 i Vanylven kommune
Kvart år utarbeider Helsedirektoratet folkehelse- og oppvekstprofilar for alle kommunane i landet. Her kan du laste ned folkehelseprofil eller oppvekstprofil - Helsedirektoratet
Ungdata er ei lokal barne- og ungdomsundersøking der skuleelevar svarar på spørsmål om korleis dei har det og kva dei driv på med i fritida.
Ungdata-rapporten kan du lese her.
Kommunedelplanen sin samfunnsdel
Folkehelse er eitt av dei gjennomgåande perspektiva i samfunnsdelen av kommuneplanen. Sjå særskilt satsingsområdet 2 Folkehelse og Livskvalitet. Kommuneplanens samfunnsdel
Samfunnsdel, 2022-2040
Samarbeid om folkehelse i Vanylven kommune
Vi har eit samarbeid med Møre og Romsdal Fylkeskommune gjennom "God helse" (mrfylke.no). God Helse- samarbeidsavtalen omfattar avtalepartane sitt ansvarsområde i det helsefremmande og førebyggande arbeidet.
Vanylven kommune er også medlem i Sunnmøre friluftsråd, som er eit kommunalt oppgåvefellesskap. Friluftsrådet skal fremje eit allsidig og miljøvennleg friluftsliv i regionen blant anna StikkUt! og Skjærgårdstenesta som er tiltak i regi av friluftsrådet.